Våren

Av
DEL

Dikt
Han kjem oss i møte som vår eigen far
og han gjer det med ein varme ingen andre av oss har
Han kjem oss i møte og me skimtar hans kropp
bak regntunge skyer der han stundom stoppar opp

Han kjem oss i møte når fuglane kvitrar
når isen brånar og snøen forvitrar
Han kjem oss i møte på stødige bein
stundom kjem han tidleg og stundom vert han sein

Han kjem oss i møte når trea skyt knopp
når snøklokkene kimar og staudane står opp
Han kjem oss i møte med sola på slep
og fargelegg dagar som alle sit sitt preg

Han kjem oss i møte og får det til å skje
med ein flora og gnist som kan smelta ein bre
Han kjem oss i møte med heile sitt skrog
med alt me kan sansa men ikkje alltid såg

Artikkeltags