Var med å starta brass-NM i 1979 – no debuterer Tom som musikant

Han var med og drog i gang NM for brassband for 41 år sidan, og har komponert NM-fanfarar, vore dommaransvarleg og har arrangert ei rekkje festkonsertar i det nasjonale meisterskapet for brassband. Men Tom Brevik har aldri sjølv spelt i NM – og debuten får han i helga.