Søndag gjekk startskotet på Eikangerløpet for 43. gong.

Eikanger Idrettslag arrangerte, og på Ostereidet idrettsbane stilte 14 løparar på start. Det er noko færre enn dei siste åra, opplyser Stanley Hauge til Nordhordland.

– Tyngre forhald

– Kommunen har nyleg gjennomført eit grundig vedlikehald av grusbana på Ostereidet, noko Eikanger IL er svært takksame for. Eit skår i gleda er at det har vorte lagt på ein grovkorna grus oppå raudstubbdekket. Dette gjorde at forholda i år var langt tyngre enn på det reine raudstubbdekket som bana har hatt til no, skriv Hauge.

Det stoppa ikkje Jo-Harald Færø frå å ta endå ein siger i Eikangerløpet. Han vann med tida 17.56,6 – over to minutt raskare enn andremann.

Dette er sjuande gong Færø vinn løpet på 5000 meter.

Raskaste kvinne var òg ein merittert løpar. Grethe Jørgensen sprang inn på tida 20.47,2.

Første kvinne over målstreken har ho dessutan vore både i 2013 og i 2018.

Sprang opp Stoltzen først

I løpet, som avsluttar banesesongen på Ostereidet, var Bjørnar Eidsheim nest raskast. Han hadde tida 19.56,0.

Superveteranen Einar Færø hadde ei travel helg. Han sprang motebakkeløpet Stoltzekleiven opp, og vann klassen MV 56-69 år. Med over 900 trappetrinn forsert i Bergen, stilte han deretter på start på Ostereidet. Tredjeplassen i Eikangerløpet sikra han med tida 20.09,6.

Sjølv om banesesongen er over, er det framleis moglegheiter for å måla kreftene sine på Eikanger. Vinterkarusellen til Eikanger IL startar 22. oktober. Deretter er det løp 12. november og 10. desember.

Resultat

5000 meter menn

1. Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL 17.56,6

2. Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL 19.56,0

3. Einar Færø (1956), Eikanger IL 20.09,6

4. Are Flekke (1996), Norna-Salhus 21.20.2

5. Arild Tverranger (1962) 23.01,1

6. Gunnar Hauge (1955), Eikanger IL 23.58,9

7. Jan Kårbø(1957), Eikanger IL 24.12,6

9. Arvid Hauge (1960), Eikanger IL 24.18,7

10. Inge Nævdal (1954), Eikanger IL 24.26,4

11. George Priziachniuk (2007) 25.38,2

12. Sverre Solberg (1952), Aks 77 32.00,7

5000m kvinner

1. Grethe Jørgensen (1975), Aks 77 20.47,2