Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er litt kaldare denne vinteren. I heimar, offentlege bygg og i kyrkjene er termostaten skrudd ned.
Tonen i den offentlege samtalen er òg kjøligare. Skulle det ikkje vera vanlege folk sin tur? Eller folk flest, som andre seier?
Til og med dei av oss som tilhøyrer den omfangsrike norske mellomklassen har merka det. Kombinasjonen av høge straumrekningar, dyrare mat og dyrare bustadlån har gjort at me har måtta prioritera litt tøffare.
Når me har gløtta på straumrekninga har me sett at staten fleire månadar betalte meir enn halve rekninga vår. Me hytta likevel med neven. Skulle det ikkje vera vanlege folk sin tur? Det er då ikkje vår feil at straumen er så dyr? Det er ikkje vår feil at rentene stig!
Når vanlege folk skrur ned termostaten på hytta, lurer på om det vert for dyrt å halda på sommarhuset i Spania, eller vurderer å kjøpa litt rimelegare julepresangar, eller sløyfar å reisa til utlandet, er det nokon andre som ikkje har slike privilegium.
Det er dei av oss som balanserte på grensa allereie i fjor. Og året før. Dei me nærmast har fornekta at finst i samfunnet vårt, i forteljinga om verdas beste land. Dei som allereie har skore hushaldsøkonomien til beinet. Dei som ikkje har råd til å ha barna i SFO. Dei som har meldt ungane ut av idrettslaget fordi kontingenten og utstyret er for dyrt. Dei som no ikkje anar korleis dette skal gå. Mange av dei føler seg òg som vanlege folk, eller folk flest. Men i økonomisk forstand, er dei ikkje det. Sjølv om det denne vinteren kjem til å verta fleire av dei.
Dei siste vekene har denne viktige debatten blussa opp. Det er bra. Likevel har mange reagert på den same måten. Kva er det dei driv med desse politikarane? Skulle det ikkje vera vanlege folk sin tur?
Denne hausten leita regjeringa med lys og lykter etter kven som kan bidra meir i samfunnet vårt. Dei fann ei lita gruppe med eit langt større skattepotensial. Dei som har gjort seg rike på oppdrett må skatta meir. Sjølv om ein kan diskutera detaljane i korleis det vert gjort, er det berre rett og rimeleg at dei som kan bidra, faktisk bidreg meir. Debatten i ettertid har uansett vist at det har sin pris å skattlegga privilegerte grupper ytterlegare.
Det er likevel ikkje nok. Trass at nokre oppdrettsbaronar, nokre kraftselskap og dei aller rikaste skal betala meir skatt, har ikkje regjeringa funne nok pengar til å løfta dei som er nedst på stigen.
Grunnen er at politikarane i så stor grad som mogeleg ønskjer å tekkast den gruppa der det finst flest veljarar. Altså vanlege folk, eller folk flest, om du vil. Det er den store omfangsrike mellomklassen som står i vegen for dei som treng det aller mest.
For tenk kva som hadde skjedd om politikarane hadde gjort det annleis? Tenk kva som hadde skjedd om politikarane tok ein tusenlapp frå straumstøtta til kvar og ein av folk flest, for å gje til dei som hadde minst? Tenk om vanlege folk hadde fått kutta barnetrygda for at dei fattige skulle fått meir? Tenk kva som hadde skjedd om folk med heilt vanlege inntekter hadde fått beskjed om at du må betala ein tusenlapp meir for barnehagen, for at dei fattige skulle sleppa billegare unna?
Oppslutninga om regjeringspartia er katastrofal. Om dei hadde gjort desse grepa, hadde dei vel berre kunna pakka saman først som sist?
Det er iallfall dette som er logikken blant dei som pønskar ut kva som er strategisk lurt i dei politiske partia. Dei har sikkert rett. Problemet er at dei feilar likevel.
Det har sine grunnar. I ei tid der vanlege folk og folk flest har ein trongare økonomi enn på veldig lenge, er det ekstra vanskeleg å ta dei grepa som må til.
Om ein vil, kan ein skulda på alle feil som er gjort. At politikarane har køyrd alt i grøfta. Det vil ikkje hjelpa dei som i dag og i morgon har det betrakteleg verre enn folk flest.
Fleire hjelpeorganisasjonar gjer ein viktig jobb for å hjelpa. Folk brukar fritida si på å samla inn matkassar og julegåver. Dei gjer ein uvurderleg jobb. Greier å skapa julestemning i heimar som har det vanskeleg. Likevel kan ikkje desse hjelpa nokon ut av fattigdom. Det er politikarane våre som har det ansvaret.
Mange av oss bør derfor sjå oss i spegelen denne førjulstida. Korleis vil me reagera dersom me må gje avkall på noko for at andre skal få det betre? Er me eigentleg så solidariske som me likar å tru?
Moralsk har ikkje politikarane våre noko val. Kan me leva med at barn går svoltne til sengs? At minstepensjonistar har det så kaldt at det går utover helsa? Eller at familiar gjer seg til gjeldsslavar fordi rekningane berre hopar seg opp?
Det er litt kaldare denne vinteren. Finst det nok hjartevarme til å hjelpa dei som har det aller kaldast?