Alver tyr til elektronisk stemmeløysing ved kommunevalet

Illustrasjonsfoto: Med elektronisk stemmeteljing i Alver kommune vil ein få meir nøyaktige val fortare enn før.

Illustrasjonsfoto: Med elektronisk stemmeteljing i Alver kommune vil ein få meir nøyaktige val fortare enn før. Foto:

Med elektronisk stemmeteljing vil ein i nye Alver kommune få meir nøyaktige val fortare enn tidlegare.

DEL

Tilbake i 2015 kunne ein i Avisa Nordhordland lese om Klara Hansen som annakvart år sidan 1995 har stilt opp frivillig som registrar og teljar av stemmene nordhordlendingane har avgitt i stemmeurnene på gamleskulen på Flatøy.

– I tillegg til at eg føler eg gjer ein viktig jobb, er det også veldig koseleg å vera her i vallokalet. Her får ein treffa og prata med innbyggarane – noko eg synest er triveleg. Dette har vorte ein fin tradisjon, sa Hansen til avisa den gong. Stortingsvalet 2017 ha vore siste gong det var naudsynt.

Alver kommune har no takka ja til eit tilbod på ei skannerløysing frå selskapet EVRY, som satsar stort på kommunestyre- og fylkestingvalet denne hausten.

Systemet går ut på at stemmesedlene skal teljast opp elektronisk, noko som medfører større effektivitet. I tillegg meiner EVRY at dette også medfører større nøyaktigheit enn når menneska tel stemmene. Den elektroniske oppteljinga vil også sjølvsagt føre til at mindre personell trengs for å drive stemmelokala.

At kommunen no vel å ta i bruk dette systemet vil seie at vinnarane av det viktige valet raskare kan kårast, slik at innbyggjarane slepp vente i lengste fall over natta på dei endelege resultata.

Artikkeltags