Ove Trellevik har skrive eit innlegg i Nordhordland der han kjeftar på oss i Arbeiderpartiet, og skriv ar regjeringa sin politikk mot arbeidsløysa har verka. I den grad nokon skal ha æra må det være OPEC som har sørgja for at oljeverksemda så smått har begynt å ta seg opp igjen både her og i resten av verda. Det er i alle fall ikkje regjeringa si skuld.

På same måten som nedgangen kom som følgje av internasjonale konjunkturar kjem oppgangen av det same. Fleire riggar i jobb i USA, større aktivitet på britisk sokkel etc. Innsatsen til regjeringa har faktisk talt vore ingenting. Ikkje ein gong sine eigne forslag i regjeringserklæringa til skattestimulansar for å få auka aktivitet i modne oljefelt, gjennomførte dei. Heller ikkje då britiske myndigheier reduserte skattane der for å få hindra ytterlegare nedgang. Hadde sjølv møter med finansminister Siv Jensen der det vart kravd skattereduksjon i tråd med regjeringserklæringa deira, men nei.

 

Arbeiderpartiet vil ikkje auka skattane til bedrifter. Vi har senka selskapsskatten sist vi var i regjering, vi vil senka den ytterlegare. Den einaste selskapskatten vi vil sjå på å auka er skatten frå internasjonale selskap. Når det gjeldt personskattane vil personar med inntekt under 600 000 kroner betale omtrent like mye eller litt mindre i inntektsskatt, medan personar med inntekt over 1 million kroner skal betale meir. Vi får inn rundt 15 milliardar meir med vårt forslag som kan brukast til velferdsproduksjon og anna.

Når det gjeldt formueskatten så er vi ikkje innstilt på å ta denne bort no. Tek vi denne bort er det alt for mange som slepp å betala skatt overhovudet. Det er dessutan i hovudsak ein kommunal skatt, og så vidt eg har forstått har finansministeren sagt at regjeringa ikkje vil kompensere for bortfall av kommunale skattar. I så fall vil bortfallet gå tett inn på velferdsproduksjonen.

 

Tellevik viser til bedrifter som CCB. Eigarane i CCB tok ikkje ut utbytte for å betala formueskatt før Frp/Høgre kom til makt. Frp/Høgre har teke ned den statlige delen av formueskatten, men både den reduserte statlege delen og den kommunale biten er der fortsatt. Og så har Frp/Høgre gjor noko som slår ut motsett. Dei har auka likningsverdien på eigedomar som det skal reknast formueskatt av. Dette har for første gang tvinga eigarane av CCB til å ta ut utbytte for å betla skatt. Dei har aldri betalt meir formueskatt enn i dag.

Ove Trellevik meiner at mest mogleg av overskottet i ei bedrift bør brukast til reinvisteringar i nye produkt, innovasjon, marknadsarbeid etc. seier han. Det kan han ikkje meina. Rundt 30 prosent av all industri er utanlandskeigd. Overskottet frå desse vert det investert i Noreg? General Electrics reklamebudsjett blir det brukt i Noreg? Eller Conoco Phillips sitt? Litt, men på langt nær alt. Statoil sine overskott, blir dei investert kun i Noreg? Sjølvsagt ikkje. Og heller ikkje privateigde bedrifter sine overskot vert investert i Noreg. Det som dei betaler i skatt derimot vært i all hovudsak investert i Norge, og bidreg til så vel verdiskaping som arbeidsplassar.

Hadde Noreg lagt seg på Tellevik si linje hadde vi blitt sett på som det største idiotlandet i verda. For Arbeiderpartiet er det viktigaste at bedriftene gir god verdiskaping samtidig som dei kan betaler skatt. Tenk dersom alle land skulle konkurrera om å slakka skatteskruen. Til slutt hadde alle sote der utan inntekter.

Eg registrerer det står svakt med næringslivskompetansen i Høgre.

 

Tellevik skuldar oss så for å ikkje ha auka lærlingtilskotet i bedriftene og viser til auken som dei har gjennomført. Poenget med lærlingtilskottet er å få bedriftene til å ta inn lærlingar. Det er rett at lærlingtilskotet var mindre under Raud/grøn regjering enn under Frp/Høgre. Men auken i lærlinginntaket var mykje større. Samanliknar vi perioden 2013 til 2016 auka lærlinginntaket med 7,1 prosent i høve til Statistisk Sentralbyrå. Lærlinginntaket i perioden 2010 til 2013 med Arbeiderpartistyre var på 10,8%. Me fekk altså industrien til å uka lærlingtinntaket årleg meir enn Frp/Høgre, utan at lærlingtilskottet dei fekk vart auka.

Men så skakkjørt situasjonen noe er, meiner vi det er på sin plass å auka det ytterlegare. Då er det ikkje berre lærlinginntak vi er opptatt av, men heile yrkesopplæringssituasjonen. I vårt program skal ha ei storsatsing på yrkesfag med ein eigen yrkesfagmilliard i neste periode.

Enkelt og greitt. Opec sin politikk har verka noko. Høgre sin politikk verkar framleis motsatt av det den burde. Ein useriøs arbeidsmarknad med meir midlertidig tilsette gir ikkje ein betre arbeidsmarknad.