I eit notat til kommunestyret rår ordførar Jon Askeland til at hans godtgjersle for den kommande perioden vert sett til 90 prosent av den godtgjerdsla ein stortingsrepresentant får. Det medfører ein reduksjon på 10 prosent frå inneverande periode, då Radøy vedtok at ordførargodtgjersla skulle følgja stortingsrepresentantane.

LES OGSÅ: undefined

Får frå fylket

– Eg meiner at deira godtgjersle har auka så mykje dei siste åra, at det ikkje lenger er rett at Radøy følgjer dette prinsippet fullt ut, skriv Askeland.

 

Han viser vidare til at han vil motta ei viss godtgjersle for arbeidet på Fylkestinget, noko som òg bidrar til at han rår til endring.

LES OGSÅ: undefined

Styrka politisk leiing

Ordføraren peikar på at dei tre samarbeidspartia - Sp, Ap og KrF - har drøfta å styrka den politiske leiinga i kommunen, difor meiner han at varaordførar bør få 20 prosent av ordførarlønna, og at leiaren i hovud- utvalet får auka si godgjersle med bakgrunn i stor arbeidsmengd gjennom året. I dag har vedkommande same godtgjersle som medlemmane i formannskapet, med tillegg av tapt arbeidsforteneste.

Også møtegodtgjersla til dei folkevalde skal under lupa i morgon. Her meiner Askeland det er naturleg at rådmannen sjekkar kva nivå naboane legg seg på, og at Radøy legg seg på det same.

Dagens kommunestyre drøftar prinsippa i god tradisjon, medan det nye gjer vedtak.