Det seier Kari Heggenes Kvammen, som saman med mannen er heiltidsbonde på garden deira på Toska i Radøy kommune.
Til saman har dei 200 storfe, og leverer om lag 500.000 liter mjølk kvart einaste år. Ein arbeidsdag for Kari varar minst 13 timar: Klokka 06.00 er ho på plass i fjøset, og ho er sjeldan i dusjen før kl. 19.00 på kvelden – likevel føler ho at yrket hennar vert sett ned på.
No fryktar ho for korleis det skal gå med landbruket, dersom politikarane ikkje tar tak og gjer det meir attraktivt å jobba som bonde.
– Må satsa på dei unge Kari, som er leiar i Manger bondelag meiner politikarane må satsa på dei unge og gjera meir for å engasjera den yngre generasjon til å driva med landbruk.
– Det er viktig at vi har rekruttering, og at folk har lyst til å verta bønder. Eg kan forstå at ungdommar vel andre yrke, for som bonde må ein jo jobba søndagar og har sjeldan ferie, men det er eit viktig yrke. Eg synest det er trist at bonde har vorte eit yrke mange ser ned på. Det verkar som om folk ikkje tenker på kven som sørger for at dei har mat på bordet.
LES OGSÅ: Erling Haugen føler seg tråkka på av BKK
– Må ikkje vera naive
Kari meiner kommunen burde støtta dei som ønskjer å kjøpa seg gard. Ho meiner også at støtte til kjøp av mjølkekvoter hadde bidratt til at bondeyrket vert meir attraktivt.
– Mat må jo alle ha, og vi som er bønder i dag vil at våre barn, barnebarn og oldebarn kan få produsera mat i framtida. Nordmenn kan ikkje vera så naive at vi trur vi kan få kjøpt mat i butikken viss det ikkje er ein bonde igjen i landet. På grunn av smitte kan grensene plutseleg verta stengde, og kva gjer vi då, viss ingen lenger til produsera maten vi et? Då kan vi ikkje berre gå og kjøpa maten vår på Rema. Politikarane må ikkje berre tenka eitt og eitt år fram i tid; dei må tenka langt framover.
LES OGSÅ: Bøndene rasar mot regjeringa: – Til neste år kjem hammaren
Ta vare på matjorda
Kari brenn også for at det ikkje skal byggast veg på matjord og beite.
– No er det snakk om nye vega her ute på Radøy, og då må politikarane tenka over jordvernet. Berre 3 prosent av jorda her i landet er dyrkbar, og det er viktig at vi tar vare på den, seier Kari, som meiner det er nødvendig at politikarane er opp-tekne det.
– Viss ein driv og bygger der det er matjord, vert det ingenting igjen – då må alle bønder berre legga ned.
Mjølkebonden på Toska meiner Radøy ikkje er den verste kommunen i bu i som bonde.
– Vi har ein ordførar som er interessert i landbruket, og det synest eg er bra – men det er klart ting alltids kan verta betre, seier Kari.