Askeland held truleg fram som Radøy-ordførar

Jon Askeland, Sp

Jon Askeland, Sp Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Senterpartiet går tilbake på Radøy, men neppe nok til at Jon Askeland misser ordførarjobben.

DEL

Resultata av førehandsrøystene som har kome inn klokka 21 viser mindre endringar i Radøy-politikken.

Senterpartiet får då ein tilbakegang på 2,7 prosent, men har ein oppslutnad på 34 prosent og står fortsatt støtt på den grøne øya. 

Etter kvart har tallet blitt dårlegare og Sp har falle under den magiske 30-grensa.

– Eg vil ikkje spekulera i valresultatet, for grunnlaget er lite foreløpig. Men trenden der vi er det største partiet held seg, seier Jon Askeland til Avisa Nordhordland. 

– Kva tenkjer du i tilfelle dette nivået blir det endelege valresultatet?

– Då ser det greit ut, det må eg sei. Er me over 30 prosent, så er det eit greit val. Det blir spennande å sjå utover kvelden, seier Askeland.

Arbeidarpartiet gjekk mest fram basert på førehandsrøystene, med 3,6 prosent og ein oppslutnad på 19,9 prosent. 

– Det er veldig gledeleg. Det er tydeleg at folk ser vi har ein politikk som passar på Radøy. Men det er tidleg enno, vi får håpe dette er begynnelsen på ein trend, seier listetopp og ordførarkandidat Jostein Borlaug.

– Er ordførarkandidat

At partiet som sit med orføraren ser ut til å gå tilbake kommenterer Ap-leiaren slik:

– Det er rart med det. Det er kanskje ein del i Radøy som tenker at Sp har hatt ordføraren lenge no. Dei har jo hatt han i 24 år, så det kan vera ein del som har eit ønskje om endringar, kommenterer Borlaug.

– Kva tenkjer du om ordførarjobben?

– Det er litt tidleg å seia, men eg er ordførarkandidat, så vi ønskjer å sitja i posisjon. Vi følgjer spent med, og så får vi sjå korleis det går, seier Borlaug.

Ap har i sist periode hatt eit samarbeid med Sp og har varaordføraren. Det er difor ikkje utenkeleg at situasjonen blir uforandra på Radøy. Til tross for tilbakegangen ser Sp ut til å verta klart største parti igjen.

– Det er no ein gong slik at Radøy er ein Senterparti-kommune. Det ser ut som den trenden held fram. Vi hadde ikkje forventa at dei skulle gå vanvittig mykje tilbake. Men tidlegare på 1980-tallet var Radøy ein Ap-kommune, med godt over 30 prosent oppslutnad, så vi håper denne framgangen viser at vi har eit potensial, seier Borlaug.

Miljøpartiet kaprar stemmer

Både Høgre og Frp ser ut til å få ein tilbakegang.   

Verdt å merka seg er også framgangen til Miljøpartiet de Grønne. Trenden på landsbasis gjer seg også gjeldande på Radøy, der partiet no får 3,5 prosent og kan bli representert i kommunestyret for første gong.

– Det vil dei sikkert klare då, men å koma inn med ein representant og heller ikkje sitte i formannskapet er ikkje så enkelt. Det har vi hatt eksempel på før i Radøy, kommenterer Borlaug.

– Ein svale gjer ingen sommar. Dei har hatt stor framgang over heile landet, så det var ikkje så rart at det også skulle visa seg her.

Tala i denne saka vil forandre seg etter kvart som stemmene blir talt opp. Dei ferskaste resultata kan du sjå i grafikken under.

Artikkeltags