Under halvparten av førstegongsveljarane i Norge nyttar stemmeretten sin. Det ønskjer ungdomsrepresentantane i Florø, Bendik Hovland Liseth (Unge Høgre) og Rune Holsen Nygård (Unge Venstre) gjere noko med. Oppfordringa deira er klår: Skal du bli høyrt, må du bruke stemmeretten din.

– Det er viktig! Men det verkar som om mange unge ikkje veit heilt kva dei skal stemme på måndag, seier Holsen Nygård til Firdaposten.

–  Andre stemmer på det første partiet som fell dei inn, eller på det partiet som er tradisjonen i familien å stemme på. Ikkje alle torer ta sitt eige politiske standpunkt. Nei, skaff deg innsikten du treng i politikken, og stem på det partiet eller den personen du ønskjer skal representere deg, legg Liseth til.

Måndag opnar vallokala. Når du då står inne i valgavlukket med ei rekkje stemmesetlar framføre deg, er det ikkje sikkert du veit heilt korleis du byrjar. Men det er lettare enn det kan verke som, peikar Liseth og Holsen Nygård på.

Slik stemmer du

For det første må du ha med deg identifikasjon når du kjem til vallokalet, alternativt valkortet som du skal ha fått i posten om du har stemmerett. Du treng ikkje ha det sistnemnde med, men det gjer jobben lettare for valfunksjonæren.

Her finn du stemmelokale i nærleiken av deg.

- Det er også to typar stemmesetlar; ein rosa for kommunestyrevalet, og ein blå for fylkestingsvalet. Vel lista til det partiet du meiner representerer deg best, seier Rune Holsen Nygård.

Slik endrer du på stemmesetelen

Du kan også endre på denne stemmesetelen, dersom du ønskjer å påverke kva kandidatar som blir valt:

Du kan gje kandidatar på partilista du har valt ei ekstra personstemme, ved å krysse av i boksen ved sidan av namnet til vedkommande.

- Du kan gje så mange personstemmer du vil, men det er slik at dess fleire personstemmer du gjer, dess mindre er personstemmene verdt. Dessutan, om du er nøgd med lista slik den er, gjer du lurt i å krysse av alle dei som står på lista med utheva tekst, seier Nygård.

Du kan også gje opptil sju kandidatar frå andre parti ei ekstra stemme. Desse kan du legge til nederst på setelen. Men ver merksam på at om du gjer det, går også ei såkalla listestemme til det partiet vedkommande er i.

- Og nei, det er ikkje lov å stryke kandidatar. Gjer du det, blir ikkje setelen din godkjend, smiler Nygård.

Valurna neste

Når du er nøgd med stemmesetelen din, brettar du den med partinamnet inn og det firkanta feltet for stempling på utsida. På den måten kan ingen sjå kva du vel.

Deretter går du til næraste valfunksjonær, for å få eit stempel på stemmesetelen. Denne må stemplast før du puttar den opp i valurna!