Lovar kutt i formue og selskapsskatt

Ja: Frode Hervik meiner Radøy må verta betre på strategisk næringsutviklingsarbeid.

Ja: Frode Hervik meiner Radøy må verta betre på strategisk næringsutviklingsarbeid.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Med støtte frå Venstre ligg alt til rette for kutt i både formue og selskapsskatten til neste år.

DEL

– Eg seier ja takk, begge deler, seier Venstre sin finanspolitiske talsmann Terje Breivik til Avisa Nordhordland då me ber han prioritera.

Tysdag var han saman med Venstre sin ordførarkandidat i Radøy og i fylket på bedriftsbesøk på Radøy.

Der vart han møtt med ønske frå Lasse Ståløy i RadøyGruppen om kutt i formuesskatten.

– Selskap under oppbygging må betala formuesskatt, og det er pengar dei må ta frå ein plass. No må ein kanskje ta utbytte i dårlege tider for å betala den. Det høyrer ikkje heime nokon plass, seier Ståløy.

Det er Breivik einig i.

– Selskapsskatten treff alle norske bedrifter, og volumet er så stort at ein får makroøkonomisk større effekt av det ved reinvestering i bedrifter, seier han.

– Men formuesskatten råkar berre norske bedriftseigarar, og den må ein betala sjølv om du har overskot eller ikkje, peikar han på.

Difor vil han kutta i begge. Og som VG avslørte i helga, legg regjeringa opp til nye kutt i formuesskatten til neste år. Med støtte frå Venstre er det all grunn til å tru at det går gjennom.

RadøyGruppen er den klart største private arbeidsgjevaren på Radøy. Venstre sin ordførarkandidat Frode Hervik meiner det må leggast til rette for fleire private arbeidsplassar.

– Kommunen må vera serviceinnstans når det kjem til reguleringsplanar. Der stangar enkelte bedrifter hovudet i veggen i dag, hevdar han.

Han meiner det må løysast slik at ein får ei utvikling der.

– I tillegg må det jobbast med strategisk næringsutviklingsarbeid. Der har Radøy vore alt for dårleg. Og ein må etablera fleire næringsområde, seier han.

Artikkeltags