Samstemte mot søndagsope

SAMSTEMT: Marit Jøssang var tidleg ute og flagga KrF si motstand mot søndagsopne butikkar, i Meland er formannskapet samstemt mot regjeringa sitt framlegg.ARKIVFOTO: Morten Sæle

SAMSTEMT: Marit Jøssang var tidleg ute og flagga KrF si motstand mot søndagsopne butikkar, i Meland er formannskapet samstemt mot regjeringa sitt framlegg.ARKIVFOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Det var kanskje litt overraskande, seier ordførar Nils Marton Aadland om avstemminga.

DEL

Eit samla formannskap gjekk inn for å seia nei til regjeringa sitt framlegg om å opna for søndagsopne butikkar.

– Det er ikkje så ofte vi stemmer mot forslag frå våre eigne i regjeringa, seier Aadland om Meland Høgre si haldning i saka.

LES OGSÅ: Skuffa over skatt

– Vi oppfattar at denne endringa har møtt mykje motbør, og vi er skeptiske til dette framlegget. Vi seier nei til søndagsopne butikkar, seier han, og får brei støtte i formannskapet.

– Det er ikkje nokon hemmelegheit kva vi ønsker oss, seier Marit Jøssang (KrF).

– Det viktigaste for oss er å seia tydeleg at vi ønsker ikkje desse endringane. Dette er ei retning eg ikkje ønsker at vi skal gå i.

Også Frp seier nei, basert på tilbakemeldingar frå folket.

– Vi kjem til å stemma mot, men som liberalist skjer dette meg langt inn i sjela, seier Sigmund Larsen.

LES OGSÅ: Går for reelle drøftingar med Bergen

– Det er ikkje tvangsåpne butikkar vi snakkar om, og vi har alt bensinstasjonar, brustadbu og hagesenter som er søndagsopne. Eg har snakka med mange, både arbeidsgivarar og arbeidstakarar som er mot, det er folkeviljen vi ramlar ned på, difor går eg i mot framlegget, seier han.

– Det er mange fleire grunnar enn felles fridag til å gå i mot dette, det handlar og om korleis dei minste butikkane skal klare seg, seier Åshild Aamli (SAM

– Det er dyrt å ha folk på helg. Meir opningstider fører og til meir forbruk, som igjen fører til meir kasting, seier ho.

Artikkeltags