Meland Arbeidarparti, Meland Høgre og Meland Senterparti har inngått avtale om eit valteknisk samarbeid for perioden 2015-2019, det melder dei i ei pressemelding tysdag kveld.

Partia er samde om at Øyvind H Oddekalv blir ordførar i perioden 2015-2019 og at Nils Marton Aadland vert varaordførar.

 

Senterpartiet får ein representant i formannskapet og Arbeidarpartiet skal ha to medlemmer i formannskapet. Ein har i tillegg fordelt leiarverva i utvala (ULK og UDU).

Samarbeid mellom Ap og Høgre er ikkje noko nytt i Meland. Sidan 1991, er det berre perioden frå 2011 til 2015 dei to partia ikkje har delt på ordførar og varraordførarvervet i kommunen.

Oddekalv i Ap seier dei har vore i kontakt med dei fleste partia i Meland, forutan Bygdelista Folkeviljen og Framstegspartiet for å finna den rette  samarbeidspartnaren.

– Men så fekk me eit klart råd frå vårt styre om at me burde gå for denne avtalen, seier han.

Avtalen er utelukkande valteknisk.

– Denne avtalen handlar berre om posisjonar, men me har med ein setning om at me skal føra samtalar om budsjett, understrekar han.

Partia skal samarbeida frå sak til sak, og skal møtast før dei store sakene vert lagt fram. Men dei skal ikkje  legga fram felles framlegg.

– Mitt mål som ordførar er å få til eit samarbeidsklima, så ein får eit breiast mogleg fleirtal, seier han.

Oddekalv skildrar seg sjølv som ein mann som set samarbeid høgt.

– Eg trur eg er ein mann det er mogleg å samarbeida med, seier han.

Det er mange viktige saker som skal opp i kommunestyret dei  neste åra. Kommunestruktur, kommuneplan som skal realiserast og utfordringar i skule og PLO er viktige saker som skal på dagsordenen.

Etter åtte år som ordførar og heilttidspolitikar er det  no over i ei «ny» rolle for Nils Marton Aadland. Stillinga som varaordførar er på 20 prosent.

– No skal  eg  tilbake til stillinga som kommunikasjonsansvarleg  hjå Bufetat region vest, seier han.

Aadland seier Høgre har hatt som strategi at om dei vart størst skulle dei ha ordføraren, vart dei ikkje det, skulle dei ha varaordføraren.

– Difor tok me oss ein runde med Ap, og me oppfatta at dei tykte det var ei grei løysing, seier han.

– Det som er viktig for oss er kva som gangar kommunen. Og me trur dette gjer det, seier Aadland.

Han peikar på at i fleire store saker dei siste åra,har Ap og Høgre hatt like synspunkt.

–  Me er to ansvarlege parti som er van med å ta ansvar, seier Aadland.