I Masfjorden fekk MDG 4,1 prosent av stemmene. Det var likevel ikkje nok til å sikra seg ein plass i kommunestyret. Reint fysisk mangla dei éi einsleg stemme på at Arne Berg skulle få plass.

– Det viser at det er viktig å stemma. Alle stemmer tel, seier han til avisa Nordhordland.

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa.

– Eg har jo stilt til val for at eg ville vera med i kommunestyret. Men me får gleda oss over resultata på landsbasis, seier han. Han peikar og på at i Masfjorden har dei hatt kraftig framgang sidan Stortingsvalet.

– Sånn sett ser me at me har ein del veljarar her og. Det vil hjelpa oss mot det neste stortingsvalet, seier han.

LES OGSÅ: undefined

I Meland gjekk det hakket betre. Der fekk dei inn to stykk i det nye kommunestyret.

– Me hadde kanskje håpa på tre stykk, men det er kjekt å dobla i mengd.

Det seier Karina Reigstad i Meland MDG. Saman med Leif Johnsen er ho inne i kommunestyret og dermed har gruppa dobla storleiken på gruppa si frå førre val.

Det lovar ho ein vil merka i Meland.

Meir bruk av sykkel i Meland

– Me kjem til å setta høgare krav i miljøsaker og til utviklinga generelt i Meland, seier ho.

– Kva konkret er viktig for dykk?

– Me vil ha berekraftig utvikling i regionen og me vil få etablert eit skikkeleg gründersenter, slik at det vert enklare å starta opp eiga bedrift, seier ho.

Grønare utvikling, meir kollektivsatsing og å legga betre til rette for bruk av sykkel og gonge enn bil er og viktig.

I Austrheim fekk dei 2,4 prosent og var heller ikkje langt unna å komma inn.

– Det er fyrste gong me stiller til val, så me kan ikkje vera misnøgde, seier førstekandidaten Marita Terese Langøy Bru. Ho har alt byrja å sjå fram til valet i 2019.

LES OGSÅ: undefined

Fem prosent i 2019

– Etter fire år kan ting ha snudd seg og folk har byrja å verta meir opne, håpar ho.

Fylkesleiar Tom Sverre Tomren er og nøgd. Melandsbuen fekk med seg Reigstad som vara til fylket. Han trur dette er byrjinga på ei grøn bølge.

– Eg håpar og trur det. Meland og Osterøy er to berebjelkar for oss, noko som gjer smitteeffekt, seier han. Målet no er 4–5 prosent i Lindås.

Det har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Lindås MDG sin nye kommunestyrerepresentant Anita Bakken.