Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
12,9 prosent av dei 7110 som røysta i Lindås i år, valde å gje si stemme til Høgre. Resultatet er det nest dårlegaste sidan 1970-talet,berre valet i 2003 har vore dårlegare dei siste 36 åra. Det seier veldig mykje om stoda i partiet som hadde makt, men no er køyrd heilt på sidelinja i Lindås-politikken.
Ser ein på storleiken på gruppa i kommunestyret, så er den ikkje liten, heller ikkje sett mot dei siste åra. Men samanlikna med førre periode er den nesten halvvert frå sju medlemmer til fire. I tillegg har dei mista varaordførar-stillinga og den, relativt sett, prestisjefylte jobben som leiar for Plan og miljøutvalet.
LES OGSÅ: undefined
Men ikkje nok med det. Dei har mista svært mange gode politikarar som har vald å trekka seg ut av partiet.
Spørsmålet er jo kvifor og korleis har Lindås Høgre klart dette?
Partiet sjølv skuldar mellom anna på at dei slit med dårlege reformer frå regjeringa. Og det er klart at forslaga om søndagsopne butikkar og kutt i eigedomsskatt på verk og bruk ikkje har vore nokon vinnarsak for partiet lokalt. Men regjeringa har vore der i knappe to år, det verkar litt tidleg å klaga på regjeringsslitasje alt. Det er og snakka om at uroa i Bergen Høgre har breidd seg til Nordhordland og Lindås, og at det har ført til at veljarane har vald å gå til eit anna parti.
Og det er ganske mange veljarar det er snakk om. Høgre fekk 9,2 prosent færre stemmer ved årets val enn i 2011.
LES OGSÅ: undefined
Desse sakene spelar svært truleg inn. Det er det ikkje tvil om. Men det som truleg er hovudårsaka til veljarflukta lokalt er maktkampen som gjekk føre seg i nominasjonsprosessen i vinter. Det enda opp med at mange av dei beste politikarane i partiet ikkje ville vera med vidare, nokre melde seg til og med ut av partiet, og at lokalpartiet sat att med ei svært omdiskutert parti-leiing som ikkje står fram som dei beste strategane.
Fleire kjelder stadfestar overfor avisa Nordhordland at deler av Høgre i vinter gjekk til KrF og nærast sa opp samarbeidsavtalen dei i mellom frå hausten av. Når då Arbeidarpartiet rett før valet valde å ikkje svara Høgre på spørsmål om samarbeid etter valet, stod partiet ganske åleine igjen.
Det var rett nok svært uformell kontakt mellom Høgre og KrF før valet. Oppfattinga av kontakten varierer mellom partia, men slik avisa Nordhordland skjønar det, vart ingenting konkret avtala. Alle kjelder peikar på manglande initiativ frå Høgre, og når dei fyrst kom, var det for seint.
LES OGSÅ: undefined
Dermed står ein igjen med eit parti strippa for makt. Difor er det veldig rart at både ordførarkandidaten og lokallagsleiaren etter valet står fram i avisa Nordhordland og seier dei er overraska over at dei no er eit opposisjonsparti utan makt. Dei verkar ikkje til å vera villige til å ta sjølvkritikk på nokre punkt og berre feiar vinterens rabalder under teppet. Held dei fram slik, kan det verta mange års ørkenvandring for partiet. Det er dumt for Høgre og det er dumt for Lindås, for kommunen treng eit sterkt Høgre.