Det seier May Eva Sandvik (H) til avisa Nordhordland. Etter det dårlege valet til Høgre i Lindås, der dei gjekk tilbake 9,2 prosent og enda med 12,9 prosent av stemmene. Det betyr at dei får med seg fire representantar i kommunestyret, tre færre enn siste periode.

LES OGSÅ: undefined

– Lite drahjelp

– For oss som parti er me skuffa. Me hadde nok forventa oss eit litt høgare resultat, innrømmer ho.

Ho peikar på lite draghjelp frå sentralt hald som ein årsak til at det gjekk så dårleg.

– Det er krevjande å driva valkamp med eit parti i regjeringsposisjon som har fremma ein del reformer som har vore krevjande for oss lokalt, seier ho.

Ho seier valkampen har vore krevjande.

– Partiet har hatt ein del internt bråk siste året, har det påverka valet?

– Eg hadde ikkje trudd det, men når eg ser på resultata på Kløve og Myking, ser eg at det har vore ein kampanje der, seier ho.

Sandvik går no laus på sin fjerde periode i kommunestyret. Det vert og hennar siste. Denne gongen utan makt, etter å ha vore både leiar i Levekår og varaordførar dei siste åtte åra. No har ho byrja å tenka på livet etter politikken.

– No har eg litt meir tid, og skal bruka eit halvt års tid på å tenka på kva eg vil, seier ho.

Mellom anna har ho ein ektemann på Os ho vil bruka meir tid med.

LES OGSÅ: undefined

– Skuffa over KrF

– Eg er og 53 år gammal, skal eg gjera noko anna er det no eg har sjansen, peikar ho på.

Ho gratulerer Byrknes med fornya tillit som ordførar, og Nina Bognøy med varaordførarjobben.

– Er du skuffa over at KrF ikkje spurte dykk om å halda fram samarbeidet?

– Eg hadde gjerne forventa at dei kom til oss og spurte om vidare samarbeid, stadfestar ho.

– Korleis er forholdet mellom deg og ordføraren?

– Me har eit profesjonelt greitt forhold. Me er ikkje omgangsvenner, men me har samarbeidd godt i forhold til enkeltsaker, seier Sandvik.

– Har det vore slitasje mellom dykk?

– Det vil eg ikkje kommentera, sluttar ho.

 

Ingrid Fjeldsbø er leiar for Lindås Høgre. Ho er overraska over at dei no sit i opposisjonen.

– Me hadde vel ingen tankar om at me kunne hamna der. Arbeidarpartiet kunne fått ordføraren om dei ville, me signaliserte støtte til det, seier Fjeldsbø.

LES OGSÅ: undefined

Mykje politisk flørting

Dei fekk aldri noko positivt svar på den flørten.

– Me har fått kaffiinvitasjon frå Høgre og har drukke kaffi med dei. Men me ville ikkje gå vidare med dei, sidan me då ville hamna i ein konstellasjon med Frp, Høgre og oss. Det er ein konstellasjon som ikkje ville vore heldig for oss når det kjem til å utøva politikken vår, seier Nina Bognøy.

– Men de gjekk då glipp av ordførarrolla?

– Det viktigaste er å trygga politikken vår, ikkje å sikra posisjonen, seier ho.

KrF på si side, ville ikkje flørta med Høgre i det heile.

– Me har ikkje fått nokre signal frå dei, og me skjønte vel at dei gjekk rett i forhandlingar med Ap, seier ho.

– Korleis er forholdet dykkar til KrF?

– Det er ikkje noko annleis enn før valet, seier Fjeldsbø.

– Og korleis var forholdet før valet?

– Det var eit greitt forhold slik eg ser det, seier ho.

– Korleis har samarbeidet vore?

– Det kunne kanskje vore betre, men det får gruppeleiaren snakka om, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

– Naturleg med Ap

I tillegg til fire nye år i kommunestyret, kom Sandvik og inn på den 12. og siste plassen til Høgre på fylkestinget.

Arild Stangeland er leiar for Lindås KrF og er den som leiar forhandlingane for partiet. Han seier det er sakene som er årsaka til at dei gjekk for Ap og ikkje Høgre denne gongen.

– Ap har vore stabile og til å stola på, sjølv om dei har vore i opposisjon, seier han.

– Men kvifor vil de ikkje forhandla med Høgre?

– Det kom signal frå deler av Høgre i vinter at det ikkje var aktuelt, peikar han på.

Han legg og til at dei aldri fekk nokon formell invitasojn frå Høgre om samtalar, difor skjedde det aldri noko i den retninga etter valet.

LES OGSÅ: undefined