Det er resultatet av førehandsrøystene som har kome inn klokka 21.

99,6 prosent av røystene er talt opp,. Arbeidarpartiet har gått fram 2,1 prosent til 20,9 prosent. Medan KrF held fram sin framgang og er oppe i 28,2 prosent. Det er ein framgang på 1,8 prosent.

Sitjande ordførar Astrid Aarhus Byrknes er godt nøgd med førehandsrøystene.

 

– Det er ei hyggeleg tilbakemelding, det må eg seia, seier ho til avisa Nordhordland umiddelbart etter at førehandsrøystene er kjent.

– Me får sjå utover kvelden. Men det er klart at ein vert jo inspirert. Det er jo kjekt, seier ho.

Ho seier ho er spent føre dei neste 70 prosent av stemmene vert talt opp.

– Eg har sommarfuglar i magen. Det er nesten ikkje til å halda ut, seier ho.

Arbeidarpartiet i Lindås held fram på den nasjonale trenden og har og framgang. 20,9 prosent er resultatet deira etter at 99,6 prosent av stemmene er telt opp.

– Alt som heiter framgang er positivt, seier ordførarkandidat Nina Bognøy til avisa Nordhordland.

 

Ho seier at dei tala vil dei ta med seg inn i forhandlingar om makt.

– Det er eit godt val med gode tal, og dei vil me bruka, seier ho.

Men ho vil ikkje seia kven dei vil forhandla med.

– Me får sjå på resultata, drikka litt kaffi og så får me sjå kva som skjer, seier ho.

Høgre har gått på ein solid smell i Lindås og har gått tilbake 9,2 prosent. Dei ligg an til å få 12,9 prosent av stemmene.

Leiar i Lindås Høgre, Ingrid Fjeldsbø, er taus om resultatet.

– Eg har ikkje nokon kommentar nett no, seier ei skuffa Fjeldsbø i 22.30-tida.

– Er de nøgde med resultatet av valet?

– Nei, eg kan ikkje seia at me er det, seier ho.

Held dette resultatet seg mister Høgre heile tre mandat og vil få fire i neste kommunestyreperiode.

Vinnaren er KrF som får ni, ein fram.

Bjarte Vatnøy i FrP er godt nøgd med at partiet hans går fram med 0,7 prosent, til 15,6.

– Eg er ganske så fornøgd. Me går ned på landsbasis, så gjer me det bra i Lindås, peikar han på.

– Kva trur du det skuldast?

– Truleg lokalt gode representantar og gode saker. Me gjer det mellom anna bra i Alversund, der trur eg det er bassengsaka som hjelper oss, seier han.

Han vel likevel å ikkje ha alt for store forhåpningar om makt dei komande åra.

– Me er ein potensiell samarbeidspartnar. Men om me er fyrstevalet veit eg ikkje, seier han.

Han viser til at Ap og KrF berre manglar ei røyst på å få reint fleirtal med sine 15 mandat til saman.

Saka vert oppdatert