I Lindås kan du levera di stemme på Knarvik barneskule, Alversund skule, Myking skule, Leiknes skule, Lindås barneskule, Seim skule, Skodvin skule, Eikanger skule, Myksvoll Grendahus, og Idrettsbygget Ostereidet. Vallokala opnar klokka 12.00.-20.00. 

I Meland kan du stemma her: Grasdals skule, Rossland Skule, Vestbygd skule, Flatøy gamle skule, Meland Aktiv, Husebø bedehus. Vallokala opnar klokka 12.00.-20.00.

I Radøy kan du stemma på Sæbø skule, Hordabø skule, Austebygd skule og i Radøyhallen. Vallokala opnar klokka 12.00.-20.00.

I Austrheim kan du stemma på Årås Skule, Kaland barne- og ungdomsskule og i Austrheim Kyrkjelydshus. Vallokala opnar klokka 14.00-20.00.

På Fedje kan du levera di stemme i Fedje Fleirbrukshall. Vallokala opnar klokka 10.00-20.00

I Masfjorden kan du stemma på kommunehuset, på Nordbygda skule og på Matre skule. Vallokala opnar klokka 11.00-18.00.

I Gulen kan du levera stemmeseddelen i Risneshall samfunnshus, Dalsøyra samfunnshus, Kommunehuset og i Risneshall samfunnshus. Vallokala opnar klokka 10.00.-18.00.