– Det er verdt å merka seg at Ap heller snur seg til høgre enn venstre

KLAR: Peder Jøsendal

KLAR: Peder Jøsendal

Artikkelen er over 5 år gammel

SV fekk draumen sin oppfylt, fekk ein mann i kommunestyret dei neste fire åra.

DEL

– Eg er ein veldig glad mann i kveld. Det er oppløftande å sjå at det var plass til Sv i kommunestyret i Lindås.

Det seier Sv sin fyrstekandidat Peder Jøsendal til avisa Nordhordland.

232 personar i Lindås stemte på partiet, noko som gav dei 3,4 prosent av stemmene, og med det eit mandar i kommunestyret. Det er ein gledeleg framgong frå 2011 då dei mangla 30 stemmer på å komma inn.

– Me opplevde litt meir positiv medvind denne valkampen enn sist gong. Det var veldig kjekt, seier Jøsendal.

LES OGSÅ: KrF, Ap, Sp og Venstre skal samarbeida i Lindås dei neste fire åra

Han seier dei har merka seg at veljarane i Lindås har tatt eit steg mot venstre i denne valkampen. Han har og registrert samarbeidet mellom KrF, Ap, Sp og Venstre den kommande perioden.

– Dei var ikkje snau med å forhandla formannskap, konstanterer han.

– Føler de i Sv dykk utelukka?

– Det ville vel vore for mykje å be om å gå frå ingenting til å få plass i formannskapet. Men det er verdt å merka seg at Ap heller snur seg til høgre enn venstre, seier han.

Likevel vil det vera naturleg for Sv å samarbeida med Ap og Venstre frå sak til sak.

– Men me kjem ikkje til å støtta dei heile tida. Ap fører ein skuffande politikk når det gjeld fossilbrensel og olje. Dei har og vore uklare sentralt når det gjeld kor mange flyktningar dei vil ta i mot, meiner Jøsendal.

LES OGSÅ: Høgre tapar stort i Lindås - går ti prosent tilbake

– Men om det sitjande fleirtalet fører ein politkkk me føler eg god, er det støtte å henta frå SV, seier han.

– Med både SV og Miljøpartiet Dei Grøne inne i kommunestyret i Lindås, vil me sjå eit grønt skifte etterkvart?

– Truleg ikkje med det fleirtalet som alt er etablert. Det er nok for optimistisk, seier han.

Jøsendal meiner at korkje Ap eller Sp har vist vilje til eit grønt skifte og KrF si støtte gjer at FrP kan sitja i regjering, peikar han på.

– Men me får byrja i det små, sluttar han.

LES OGSÅ: Listetopp med listetabbe – No er han ute

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken