Gå til sidens hovedinnhold

Anette og klassekompisane opplevde at rådgjevingstimane i 10. klasse vart brukt til naturfag

Artikkelen er over 5 år gammel

Anette Sæbø sette Lindås-politikarane på plass med kraftig kritikk mot rådgjevingstenesta i ungdomsskulen.

– Me opplevde at fleire av rådgjevingstimane våre vart brukt til naturfag i staden, sa 16 år gamle Anette Sæbø til ordførarkandidatane i Lindås på eit debattmøte måndag kveld.

– Veldig gøy

Ho var med som innbyggarrepresentant på møtet og stilte spørsmål på vegner av ungdommen i kommunen.

– Det var veldig gøy, men og ei utfordring, innrømmer ho etter møtet.

Ho seier ho var spent og nervøs før ho fekk mikrofonen i handa frå NRK-veteranen Geir Helljesen.

– Men det var kjekt då eg fekk byrja å snakka, seier ho.

Mellom anna tok ho opp problemet med ei for dårleg rådgjevingsteneste på ungdomsskulen.

– Rådgjevarane må følga opp elvar som treng hjelp og informasjon, seier ho.

– Mange av vennene mine var usikre på kva dei skulle velja vidare etter ungdomsskulen, og var usikre på om dei hadde fått nok informasjon. Ein må passa på at rådgjevaren gjer informasjon og at ikkje timane vert brukt til andre ting enn dei skulle, seier Sæbø til avisa Nordhordland etter møtet.

– Overraska

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) seier ho er overraska over problemstillinga som vert tatt opp av Sæbø.

– Eg kan ikkje seia noko anna. Eg vil vera dønn ærleg på det og me må spørja oss for. For det er den einaste måten me som skuleeigar kan gå inn i dette på, seier ho.

– Er situasjonen god nok?

– Nei, det er ikkje det når elevane ikkje føler dei får den rådgjevinga dei treng. Så må me sjå på korleis me kan rigga det, seier ho.

Ho vil sjå ting i ein større samanheng med skulehelsetenesta og,

– Men rådgjevingstenesta må me vera gode på. Det handlar om ungdommane si framtid, seier ho.

– Du seier de skal vera gode på det, men er de gode på det?

– Eg vart jo overraska då ho sa som ho gjorde. Difor skal eg v era den fyrste til å ta opp denne saka og sjå på det. Me er skuleeigar og må ta det ansvaret, seier Byrknes.

Ho seier dette aldri før har komme fram.

Jon Halstein Bakken i Miljøpartiet De Grønne (MDG) jobbar sjølv som lærar og meiner dagens rådgjevingsteneste ikkje fungerer.

– Rådgjevingstenesta rår ikkje elevane i forhold til dei faktiske forholda i næringslivet, moglege utdanningsløp og kva evner dei har, hevdar han.

– Bestå testar

– Det er for mykje fokus på kva evner dei har i høve til nokre heilt spesifikke fag, meiner han.

Han meiner for mykje handlar om å bestå prøvar.

– Om det er ei utfordring med rådgjevingstenesta må me vidareutdanna dei som manglar kompetansen, meiner Bjarte Vatnøy (FrP).

– Treng meir resursar

Det trur ikkje Nina Bognøy (Ap) nødvendigvis er den rette løysinga.

– Mest truleg må dei få meir resursar slik at det vert fleire hovud som hjelper elevane, seier ho.

Kommentarer til denne saken