Brosvik viser til at stortings-fleirtalet har presisert i lovs form at alle har rett på ein sjukeheimsplass.

– I Gulen planla vi å bygga ei ekstra demensavdeling. Den er tatt ut, og forrige budsjett sydde vi saman med ei innsparing på sjukeheimen. Eg veit at det har vore overbelegg der stort sett etterpå, seier ho.

Utfordring

– Den viktigaste utfordringa vi har er å yta gode velferdstenester. I Gulen er det utfordrande å ha nok sjukeheimsplassar, men og nok folk og kompetanse som jobbar der, seier ho.

Brosvik som er KrF sin førstekandidat til fylkestinget, kan og snakka som pårørande.

LES OGSÅ: Trude kan bli historisk

Aktivitetstilbod

– Eg opplever at bebuarane får god pleie. Men eg saknar litt meir tilbod på dagtid som kan aktivisera dei, seier ho.

– Mange frivillige gjer ein stor jobb, men eg trur ikkje vi berre kan belaga oss på frivillige, seier Brosvik.

Som fylkespolitikar vil ho bidra for å få utvida Den kulturelle Spaserstokken.

– Kommunane kan og søka sine aktivitetar inn der, seier ho.