ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Det er viktig å ha kvinne- lege forbilde. Om innbyggarane vert vande med at kvinner, på lik linje med menn kan ha dei tyngste verva, vert det ein normalitet. Det kan bidra til haldningsendringar og eit kulturskifte, meiner forskar Yngve Flo ved Rokkansenteret.

Han seier at synlege kvinner er viktige forbilde.

– Om kvinner vert underrepresenterte over tid, kan det ha noko med korleis innbyggarane ser på eigen kommune. Om ein kommune får ord på seg for å vera eit mannsvelde, er det ikkje bra, sluttar han.

For nokre år sidan var Austrheim på veg dit.

Valkvelden 2011. Resultata kjem inn i Austrheim og Arbeidarpartiet gjer eit bra val og sikrar seg ordførarstolen, med Per Lerøy oppi den dei neste fire åra. Men han må samarbeida med nesten berre menn.

Ynkelege fire av 17 kommunestyrerepresentantar er kvinner. Lerøy er svært misnøgd med stoda.

LES OGSÅ: undefined

– Rett og slett tragisk

– Det var rett og slett tragisk det vi opplevde, seier han.

Austrheim vart framstilt som verst i klassen, noko Lerøy tykte svært lite om.

– Nei, det likte eg ikkje, seier han.

Difor bestemte han seg for å ta tak i situasjonen.

– Eg såg på valresultata i andre kommunar. Der såg eg at Øygarden hadde gode resultat, seier han.

Difor tok han kontakt med partikollega og ordførar, no avdøydde Otto Harkestad.

Øygarden hadde slite med nett same problemstillinga som Austrheim, og hadde åtte år før hatt dårlege resultat når det kom til å få valt kvinner inn i kommunestyra.

– Difor hadde dei etablert eit eige prosjekt for å auka kvinnedelen. Der var SV-politikaren Aud Karin Oen framståande, fortel Lerøy.

Difor inviterte dei ho til Austrheim for å fortelja korleis dei hadde jobba for å mobilisera partia til å satsa på damer.

– Det handla om å vera bevisst i forhold til korleis ein nominerte og kumulerte før valet. Men og på det å legga til rette for at småbarnsmødrer kunne delta på kommunale møte, seier Lerøy.

LES OGSÅ: undefined

Forskarhjelp

Dette sådde eit frø hjå politikarane. Etter ei stund kom Kommunal og regionaldepartementet på banen og ville tilby Austrheim hjelp. Dei enda med å senda forskaren Yngve Flo frå Universitetet i Bergen. Resten av arbeidet har gått føre seg i dei ulike partia. Og no er altså Austrheim best i klassen.

– Det er kjekt å sjå at når ein er bevisst ting, og bevisstgjer dei som er med i nominasjonsprosessane, så gir det resultat, seier han.

I den største kommunen i regionen er mennene framleis i fleirtal. Berre 13 av 31 representantar i Lindås kommunestyre den kommande perioden er kvinner.

LES OGSÅ: undefined

Slengarar til menn

– Kvifor skal ikkje vi vera like mange? Vi er trass alt halvparten av befolkninga, seier varaordførar Nina Bognøy (Ap).

I komiteane må kjønnsbalansen vera 40/60. I førre periode måtte Lindås supplera med ein vara til kommunestyret, for å få den rette kjønnsbalansen.

 

Arbeidarpartiet set opp annakvar mann/kvinne på sine lister. Likevel enda dei med fire menn og to kvinner i kommunestyret. Nina Bognøy er usikker på korleis ein kan løysa det.

– Fleire menn fekk slengarar, noko som gav menn inn på kostnad av damer. Skal vi heva ut fleire kandidatar på topp? Skal vi minna folk på at vi skal ha kvinner inn? Eg er ikkje misnøgd med veljarane, det er flotte kandidatar som er vald inn. Men korleis vi skal løysa det, veit eg ikkje, seier ho.

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes seier det er viktig med god kjønnsbalanse.

Kvinnelege førebilete

– Eg har tru på at vi utfyller kvarandre, for vi er ulike. Vi ser på sakene på ein ulik måte, seier ho.