– Ringveg aust er det viktigaste prosjektet å bygga i Bergen dei neste åra, og får me Nyborgtunnelen med på det prosjektet slik at det vert ei pakke, er dette prosjektet øvst, seier KrF sin ordførarkandidat i Bergen, Dag Inge Ulstein til avisa Nordhordland.

Partiet som har vore svært sentral i maktas korridorar i Bergen sidan midten av 70-talet vert beila frå alle kantar føre valet. Både det sitjande byrådet med Høgre og Framstegspartiet og det partiet som ligg best an på målingane i Bergen føre valet, Arbeidarpartiet vi forhandla om eit samarbeid.

Der lovar Ulstein at Nyborgtunnelen vil verta sentral.

– Me kjem til å ta med oss Nyborgtunnelen inn i forhandlingane, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Han viser til at ringverknadane ved å bygga tunnelen er så store.

– Det er tatt opp fleire tunnelløysingar i Bergen, men dette er viktigare for å leda trafikken utanom Bergen sentrum, seier han.

– Me må ha ei løysing for trafikkproblema i Bergens sentrum, då er denne tunnelen viktig, meiner Ulstein.

– Timinga er god og det er no me har moglegheita, seier han. Han vil ha heile prosjektet inn i regjeringas nye vegselskap.

– Nyborgtunnelen åleine er for liten til å ha inn i det prosjektet, men no svarar med på samferdselsministerens utfordring, seier han.

Arbeidarpartiets byrådsleiarkandidat, Harald Schjelderup ivrar og for Nyborgtunnelen.

– Det er beklageleg at det sitjande byrådet har brukt så lang tid. Dei kan ikkje skulda på andre enn seg sjølv for at det har tatt så lang tid, meiner han.

LES OGSÅ: undefined

Schjelderup seier at eit mål må vera å få tunnelen inn på NTP som skal rullerast i 2018.

– Saman med ringveg aust er Nyborgtunnelen det viktigaste prosjektet for oss i Bergen, seier han. Han meiner då at Nyborgtunnelen er det rette å byrja med, sidan den ligg fyrst i løypa. Det er Ulstein einig i. Det er og Henning Warloe, som er byråden med ansvar for samferdsel i Bergen.

– Ein kan sjå på den som eit trinn ein i ei pakke med Ringveg aust, seier Warloe til avisa Nordhordland. Han peikar på at då er det naturleg å flytta utløpet av tunnelen frå det tenkte ved gamle Ikea i Åsane til Vågsbotn.

– Det er både naturleg og logisk, seier han.

Warloe peikar på at området ved Haukås og Hylkje er den siste store bustadreserven Bergen kommune har. Det er tidlegare snakka om at 10.000 bustader kan komma der. Tidlegare i sommar vart det kjent at prosjektet der var lagt mellombels på is.

– Nyborgtunnelen må stå ferdig før me kan byrja på prosjekta våre der, seier han.

– Men Ringveg Aust vert stort og dyrt, så spørsmålet me stiller oss er kor fort er det realistisk at det startar opp, spør han. Han meiner det vil truleg gå ti år til før noko vil skje.

Også næringslivet i Nordhordland kjempar for å få på plass Nyborgtunnelen.

– Slik vegen er i dag er den ein hemsko, seier Lasse Ståløy, toppsjef i RadøyGruppen.

LES OGSÅ: undefined

Han seier at Nordhordland treng gode vegar for å trekka til seg folk som vil bu i Nordhordland og folk som vil pendla til Nordhordland for å jobba. Ståløy er ikkje i tvil om at tunnelen tvingar seg fram no. Men han er opptatt av at ein fyrst og fremst kjem i gang med bygginga av prosjekta i Nordhordlandspakken og at ein ikkje kjem med nye prosjekt inn frå sidelinja.

– Denne pakka som er der no har kom vorte einige om etter mange år. Då må me ikkje kludra til som enkelte gjer. Frå ein kjem med nye alternativ til ein får det realisert vil det gå lang tid, peikar han på.

Han er redd for at det då vert kludra til.

– Og gjer ein det, får ein stillstand og ein får ikkje utvikla regionen, meiner han.