Vil ha endringar i Nordhordlandspakken: Vil bygga bru for 375 mill. frå Radøy til Meland

HIT? Går det som fleire politiske parti på Radøy vil, skal deler av vegen over Radøy leggast hit.

HIT? Går det som fleire politiske parti på Radøy vil, skal deler av vegen over Radøy leggast hit. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Tek omkamp på vegane på Radøy ei knapp veke etter at bompakka gjekk gjennom i Fylkestinget.

DEL

Det er fire parti på Radøy som no går saman om å gjera eit radikalt grep om vegane på Radøy.

Onsdag ettermiddag la Radøy Høgre, Radøy Venstre, Radøy Krf og Radøy Frp fram sine forslag til endringar i Nordhordlandspakken. Vegane dei endrar råkar berre Radøy og Meland kommunar.

LES OGSÅ: Nordhordlandspakken: FrP krev lovlegkontroll

Legg om vegen til Manger

Mellom anna vil dei fire partia totalt legga om vegen på det største og dyraste prosjektet i pakken, slik den ligg føre no, nemlig den planlagte vegen mellom Marås og Soltveit på Radøy. Det prosjektet omfattar rundt 10 kilometer med ny veg til 338 millionar kroner 247 av dei millionane skal vera bompengar, 91 millionar frå fylket. . Vegen vil erstatte eksisterande fylkesveg 565 over Sletta som har svært dårleg standard og er i konflikt med busetnad og mjuke trafikantar.

Dei fire politiske partia på Radøy vil heller legga om vegen frå Soltveit til Byrkjeland. Dei vil bygga tilførselsvegar frå Bø til Manger og frå Manger til Lundsdalen i fase ein. Dei prosjekta er kostnadsrekna til 410 millionar kroner.

– Marås-Soltveit gavnar dei som skal ut hit og plukka tyttebær. Denne nye vegen vil gavna folket mykje meir, seier Kenneth Murberg (H) til avisa Nordhordland.

Han meiner det er å kasta vekk pengar å bygga den opphaveleg tenkte vegstrekka.

I fase to kjem altså brua over Bognostraumen og bygging av tilførslevegar på Radøy og i Meland.  Brua ligg ikkje inne i pakka per i dag. Dersom dei får fleirtal til å gjennomføra det, vil dei umiddelbart setja i gang med naudsynt reguleringsarbeid for bru. Dersom det er mogleg vil dei og byrja med ei oppgradering av tilførselsvegane til dette prosjektet.

Har du tatt velgarguiden 2015? Finn ut kva parti ditt hjarta er nærast!

– Det me ser for oss er at me kan bruka deler av dagens veg, som gjer at me må bygga mindre ny veg. Det trur me at me kan spara mykje pengar på, seier Murberg.

– Sparar 200 mill

Han seier at estimata deira tydar på at dei vil spara rundt 200 millionar på denne løysinga.  Då er det forutsett at Meland betalar 188 millionar kroner for sin del av ei ny bru.

Gruppa meiner at dette forslaget at rammene for Nordhordlandspakken må aukast ved ei revidering i 2018, der dei og legg til grunn auka rammer for Meland.

– Prosjektet er visjonært og framtidsretta i høve i kommunesamanslåing, seier Kenneth Murberg i Radøy Høgre.

– Ein ny veg vil gjera at Bergen kjem ti minutt nærare. Det betyr mykje for oss, seier Finn Frantzen (KrF).

Han meiner det særleg gjeld for Radøy som vil få innfallsporten sin på Manger.

– Dette vil støtta utvikling av Manger og ikkje minst områdeplanen på Bø, seier han.

Det ligg ikkje føre nokon reguleringsplan på den nye strekka, det er eit arbeid som dei vil komma i gang med når valet er omme. Dei ser for seg at det arbeidet vil ta rundt to år. Noko mindre om dei kan nytta deler av reguleringsplanen som ligg føre alt, med innteikna trase for oljeledningen frå Johan Sverdrup.

– Det er verdt å venta to år til. Det spelar ingen rolle i det store biletet, særleg ikkje når Marås-Soltveit gjer oss så liten verdi, seier Murberg.

Han seier dei har sjekka ut at alt dette er realistisk å få til med Meland-ordførar Nils Marton Aadland, Torill Eidsheim i Transportkomiteen på Stortinget og Statens Vegvesen.

– Har de vore i kontakt med Nordhordlandspakken AS om dette?

– Nei, dette er noko me har halde heilt tett om så langt. Men dei vil verta informert, seier han.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet på Radøy er heller ikkje med på desse planane.

– Me har vurdert det til at dette er noko dei ikkje vil gå for, difor har me ikkje vore i kontakt med dei, seier Frode Hervik (V).

– Kvifor kjem de med dette berre ei veke etter at Nordhordlandspakken gjekk gjennom Fylkestinget?

– Det er for at me ikkje vil forseinka dei andre prosjekta. Og så lenge me held oss innanfor dei eksisterande rammene, kan me gjera dette, seier Hervik.

Han viser til at ved å gå for dette prosjektet kan ein få tilgang til nytt næringsområde og bustadtomter på Mangersneset.

– Soloutspel frå Radøy

Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland (H) kallar dette eit soloutspel frå Radøy.

– Eg har høyrd desse tankane omtalt tidlegare. Og eg ser på moglegheita til å framskunda eit vegsamband mellom Radøy og Meland som viktig. Og i ein prosess der me bygger ein ny kommune vil ein slik bruforbindelse vera viktig. Men eg trur det er vanskeleg å forskotera ei revidering no, berre ei veke etter at Fylkestinget vedok pakka, seier han.

Omlegginga av vegar på Radøy vil han ikkje ha ei meining om.

– Traseval på Radøy vil eg ikkje blanda meg oppi i det heile, seier han.

Styreleiar i Nordhordlandspakken AS, Pål Kårbø er og skeptisk til desse tankane.

– Me skal vakta oss for å byrja med nye tankar no, det kan i verste fall skada heile Nordhordlandspakken, seier han.

– Krevande å få til

Han fryktar at det fort kan få ein smitteffekt i dei andre kommunane også.

– Prosjektet Marås - Soltveit ligg fyrst i prioriteringslista dykkar, vil ei eventuell endring av det prosjektet kunne låsa for andre prosjekt inntil det er klart?

– I utgangspunktet vel eg ikkje å spekulera i dette. No har me ein vedtatt plan i fylkestinget, seier han.

– Men eg trur det vert veldig krevande å byrja å prioritera om på dette, legg han til.

– Er det realistisk å få inn bru mellom Radøy og Meland i fyrste revidering av planen?

– Det vert krevande å få inn ei bru, sidan Isdal og Nyborgtunnelane har ein så høg prioritet. Det er mi vurdering, seier han.

Han er tydeleg på at Isdaltunnelen skal inn i fyrste revisjon og viser til at ei bru som Alversundbrua også treng kraftig oppgradering.

Dagens Nordhordlandspakke er no sendt frå fylkestinget og ut på ein såkalla KS2 no, som er kvalitetssikring av styringsunderlaget samt kostnadsoverslag før saka vert lagt fram for endeleg investeringsbeslutning i Stortinget. Håpet er at det skal skje så tidleg som mogleg i 2016.

– Håpet er at me kan byrja å bygga raskast mogleg etter det. Bompengeinnkrevinga kjem i gang i 2018 eller 2019, sluttar Kårbø.

Kostnadsramma er no på 1405 millionar kroner – finansiert med 1046 millionar kroner i bompengar, 55 millionar kroner i statleg tilskott og 284 millionar kroner i fylkeskommunalt tilskot

Har du tatt velgarguiden 2015? Finn ut kva parti ditt hjarta er nærast!

Artikkeltags