Vil utbetra vegen mellom Frekhaug og Meland Aktiv

MYKJE TRAFIKK: Vegen mellom Frekhaug Senter og Meland Aktiv er mykje brukt, både av gåande, syklande og bilar. Oscar (5), Marius (8), Nikolai (4) og Thea Malen (6) får ikkje gå her åleine, men håpar vegen blir utbetra.BEGGE FOTO: Morten Sæle

MYKJE TRAFIKK: Vegen mellom Frekhaug Senter og Meland Aktiv er mykje brukt, både av gåande, syklande og bilar. Oscar (5), Marius (8), Nikolai (4) og Thea Malen (6) får ikkje gå her åleine, men håpar vegen blir utbetra.BEGGE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg har bilar inn i hagen med jamne mellomrom, det er berre flaks at det ikkje har skjedd ei alvorleg ulykke her.

DEL

Det seier Cato Vikebø som bur langs vegen mellom Frekhaug senter og Meland Aktiv med bustadhuset på eine sida av vegen og løa på andre sida.

LES OGSÅ: Vil ha endringar i Nordhordlandspakken: Vil bygga bru for 375 mill. frå Radøy til Meland

– Det verste rushet er rett før skulen startar, då er det fullt trøkk. Folk har det travelt med å levera borna på skulen, og mange pressar seg fram, fortel Vikebø.

Nordhordlandspakken

Meland Høgre vil no jobba for å få utbetra denne vegen så fort som råd, og meiner det skal vera rom for finansiering av denne strekninga i Nordhordlandspakken.

– Der er det ein sekkepost på 85 millionar kroner, seier ordførar Nils Marton Aadland.

– Vi vil at ein skal starta opp med planarbeidet så snart pakken er vedteke, seier han.

– Dette er eit relativt lite tiltak, knapt ein kilometer veg som eg trur kan utbetrast til ein liten kostnad, dette er det heilt nødvendig å få gjort, seier han.

LES OGSÅ: Denne vegen deler Meland: – Eg håpar kvar dag det ikkje skal skje noko

Som Avisa Nordhordland har skrive om tidlegare er vegen mellom senteret og Meland aktiv mykje brukt, både som skuleveg og til og frå trening.

Mykje brukt

– Kvar veke er fleire tusen innom Meland Aktiv, dette må vi få gjennomført så snart som mogleg, seier Aadland, som samtidig oppmodar alle til å bruka refleks no når vi går inn i den mørke årstida.

For gåande og syklande er Bustølvegen det beste alternativet på denne strekninga med gangbru over fylkesvegen. Bustølvegen er berre open for biltrafikk til og frå eigedomane, og vert nytta til skuleveg av dei fleste som kjem frå Mjåtveit-sida.

Utfordringar

– Vi ser at mange ikkje vil gå dei ekstra 100 meterane for å gå over gangbrua og opp Bustølvegen, seier Aadland.

LES OGSÅ: Vil bygga etterlengta undergang

Då Nh var på staden kunne vi med sjølvsyn sjå utfordringane ein møter på vegen, mellom anna med skuleungdom som måtte gå ut av vegbana for å slippa fram skulebussen.

– Denne strekninga er ei kjempeutfordring, seier Aadland.

" Folk har det travelt med å levera borna på skulen, og mange pressar seg fram

Cato Vikebø

Artikkeltags