– Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) bør sjå på at dei berre har to personar i kommunestyret og at talet på representantar bør gjenspegla makta dei før i det nye kommunestyret. Det er det mest demokratiske i staden for å vera alt for opptatt av å riva til seg posisjonar, seier Øyvind Oddekalv i Ap.

LES OGSÅ: undefined

Stolte på Ap

Det var på tysdag det vart kjent at Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet i Meland har funne saman i eit valteknisk samarbeid for dei kommande fire åra. Det samarbeidet betyr at Øyvind Oddekalv (Ap) vert ordførar og Nils Marton Aadland (H) vert varaordførar denne perioden.

Natt til tysdag var ikkje det noko som Leif Johnsen og Miljøpartiet Dei Grøne såg for seg. For saman med Venstre forhandla dei som ein blokk med Arbeidarpartiet om makta. Dei var sikre på at slik dei tolka forhandlingane, kunne dei stola på Ap.

– Me var komme fram til eit forhandlingsutkast som alle var einige om, seier Leif Johnsen i MDG til avisa Nordhordland.

Deretter skulle Ap legga fram avtalen for styret sitt, før dei skulle forhandla vidare om det var ting styret i Ap ikkje var nøgd med. Det neste møtet var avtala til tysdag klokka 18.00.

Han seier at dei var informert om at Ap og skulle møta Høgre og KrF til samtalar før dette.

– Men inntrykket vårt var at det skulle vera reint proforma, hevdar han.

Han grunngjev det med forsikringar frå Oddekalv og leiaren i lokallaget, Tormod Skurtveit heile kvelden sa at det ville vera «fort gjort», då dei hadde lova å snakka med alle utanom Frp på førehand.

Johnsen seier at det er viktig for Meland å ha eit sterkt Arbeidarparti.

LES OGSÅ: undefined

– Steinandlet

– Og dei gav oss inntrykk av at dei var til å stola på. Det er det som er grunnlaget for kor enormt skuffa eg vart, seier han.

For då Arbeidarpartiet kom til det andre møtet på tysdag, var det ikkje positive nyhende dei hadde å koma med til MDG og Venstre.

– Det var ein veldig nervøs gjeng som kom inn til oss. Eg har aldri sett meir steinandlet enn kva eg såg då, seier Johnsen.

Der og då fekk dei beskjed om kva stoda var, og at Ap ville samarbeida med Høgre den neste perioden.

– Eg har aldri vorte lurt så grundig før, seier Johnsen.

Han seier det er forhandlingsklimaet og prosessen i seg sjølv han er skuffa over.

– Den politiske hestehandelen er heilt udemokratisk. Veljarane har ikkje innsyn i det som skjer, meiner han.

Påtroppande ordførar Øyvind Oddekalv meiner på si side at MDG ikkje har så mykje å vera skuffa over. Han seier dei aldri inngjekk nokon forpliktande avtale seg i mellom.

– Me hadde ein god dialog med dei, men me var tydelege på at me skulle tilbake til vårt styre og forankra avtalane, seier han.

Men styret sitt klare råd var at Ap burde gå til Høgre.

– Og det kunne ikkje eg ignorera, seier Oddekalv.

LES OGSÅ: undefined

Taus om årsakene

– Kva var grunngjevinga for å gå saman med Høgre?

– Nei, eg vil ikkje seia noko om detaljane rundt det.

– Kan du seia noko generelt rundt det?

– Nei, seier han kort.

Han meiner at det uansett ikkje ville vore godt forankra blant veljarane å få ein varaordførar frå MDG.

– Me har hatt ein vara med berre to representantar bak seg i førre periode, og det ville vore uheldig å ha det igjen, seier han.

– Har MDG grunn til å føla seg lurt?

– Eg kan ikkje ta ansvar for at dei føler seg lurt, seier han.

– Korleis var stemninga på det andre møtet med MDG og Venstre, då de alt hadde inngått avtale med Høgre?

– Det var eit kort møte, for å seia det slik, sluttar han.

LES OGSÅ: undefined