– No skal vi forhandla først, men Ap er størst, det er berre å gratulere med sigeren og ønske lykke til, seier ordførar Nils Marton Aadland. Vi gjorde det for så vidt godt, men vi gjorde det under pari, seier han.

LES OGSÅ: undefined

– Vi går tilbake mindre i Meland enn i fylket ellers. Målet var meir enn 18,3 prosent, det var å behalda dei seks representantane, og å vera størst, seier han.

– Det som har skjedd i Bergen har nok hatt ein smitteeffekt på nabokommunane. No har vi gjort det mindre bra, det må vi berre respektere, så skal vi gjera det betre neste gong. Det er det som er demokrati, det er sånn det skal vera, seier Aadland.

LES OGSÅ: undefined

– Det nytter ikkje at Høgre sine velgarar trur ting går av seg sjølv. Mange eg har snakka med i valkampen kjenner ikkje politikarane i Meland. I eit lokalval er det viktig, seier partifelle Ragnar Bratland.

– Meland er ein spesiell kommune, med mange tilflyttarar. Då er det gjerne trendar som slår inn, seier Bratland.

– Det er ei utfordring at Høgre har satt med makta i 16 år. Vi har òg vore gjennom ein tøff økonomisk omstilling, seier Aadland.

– Eg er stolt av det vi har fått til. Uansett kven som overtar ordførarklubba, kjem dei til duk og dekka bord. Vi skal uansett bidra å utvikla kommunen vidare, seier Aadland.

LES OGSÅ: undefined

– Vi er på ingen måte ein slagen gjeng. Historisk sett er det eit bra val for å vera Høgre i Meland, seier han.

– No skal vi forhandla, så får vi sjå kva det blir til. Utgangspunktet vårt på 18,3 prosent er på ingen måte optimalt, for å seia det sånn, seier han.