Det viser tala etter at 3532 stemmer er telt opp, dei utgjer 62,6 prosent.

– Det er dette vi kunne drømme om, men kanskje heilt ikkje turde å håpa på, seier Øyvind Oddekalv, Ap sin ordførarkandidat i Meland. Dei førebelse tala viser at Ap er inne med 7 mandat.

– Vi er veldig nøgd så langt, sjølv om vi vil vente på det endelege resultatet. Det ser veldig bra ut på førehandsstemmene, seier han.

– Går det mot eit maktskifte i Meland?

– Det er det vi satser på, og har forventninger til. Vi er veldig spente, det ser veldig bra ut, seier Oddekalv frå valvaken til Ap.

– Vi har gått til valg på eit skifte, vi er førebudd på å ta det ansvaret, vi satsar på det, seier Oddekalv.

Høgre har gått tilbake seks prosent til 18,3 prosent, medan Arbeidarpartiet har gått fram med 7,2 prosent til heile 25,2 prosent.


Miljøpartiet De Grønne har fått 7,5 prosent av stemmene, og er med det inne med to mandat i kommunestyret.

– 8,2 prosent er heilt fantastisk, dette er  verkeleg kjempegøy, seier Miljøpartiet De Grønne sin ordførarkandidat i Meland, Karina Garnes Reigstad.

Det resultatet gir MDG to mandat i kommunestyret.

– Eg tenker at vi får inn ein til, men to er kjempebra, det er jo ein auke frå sist val, seier Reigstad frå MDG si valvake.


Bygdelista Folkeviljen har fått 4,5 prosent av stemmene og er inne i kommunestyret med to representantar.

– Vi kan ikkje seia oss heilt nøgd, vi er avventande enn så lenge, og framleis optimistiske til å få inn fleire, seier ordførarkandidat i Bygdelista Folkeviljen, Morten Klementsen.


Saka vert oppdatert