Denne vegen deler Meland: – Eg håpar kvar dag det ikkje skal skje noko

LITE PLASS: Denne bilen måtte ta ein tur over i motgåande felt for å ikkje komma for tett på denne kvinnelege joggaren. Hadde det komme bil i mot, hadde ikkje det vore mogleg. Plassen langs vegen er liten, trafikken er derimot stor. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

LITE PLASS: Denne bilen måtte ta ein tur over i motgåande felt for å ikkje komma for tett på denne kvinnelege joggaren. Hadde det komme bil i mot, hadde ikkje det vore mogleg. Plassen langs vegen er liten, trafikken er derimot stor. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er mange som har hatt ungar nesten på panseret her, og eg veit om folk som har lagt i grøfta her. Eg skulle svært gjerne ønskt at politikarane gjorde noko med denne vegen.

DEL

Det seier dagleg leiar i Kvernbit, Trond Egil Soltvedt til avisa Nordhordland.

– Tenker på det dagleg

Kvar veke er det tusenvis av barn og unge som trenar idrett eller går på kulturskulen på kveldstid, eller som går som elevar ved Sagstad skule. Svært mange av dei nyttar seg av Sagstadvegen frå Frekhaug til Meland aktiv. Ein veg med eit felt på deler av strekka, ingen fortau og ikkje noko lys om kveldane i det mørke vinterhalvåret.

– Det er ein 3-4.000 menneske som er innom Meland aktiv i løpet av ei veke, og det er stor trafikk med ungar som syklar og går. Slik situasjonen er no, er det ikkje bra, seier Soltvedt.

– Eg håpar kvar dag at det ikkje skal skje noko. Eg tenker på det kvar dag, seier han.

Det har ikkje vore nokre alvorlege ulykker langs vegen, men Soltvedt seier han veit om mange bilistar som har hatt skrekkopplevingar og nestenulykker med mjuke trafikantar langs vegen.

– Mange er engstelege, seier han.

LES OGSÅ: Senterpartiet vil ha folk til å koma seg opp av sofaen og ut på tur: – Ikkje mykje som skal til

– Andre vegar viktigare

«Bør ny veg frå Frekhaug til Meland aktiv prioriterast i denne perioden?» Det er spørsmålet avisa Nordhordland har stilt politikarar og innbyggarar i Meland. Fire parti sa nei og fire parti sa ja. FrP seier blankt nei.

– Det er så mange andre viktige vegar me må få orden på før den vegen kan prioriterast, seier ordførarkandidat Sigmund Larsen til avisa Nordhordland.

Han viser og til at dei faktisk har ein gangsti dei kan nytta for å komma til og frå området.

Meland Venstre er og i mot å prioritera denne vegen. Men det er ikkje ordførarkandidaten.

– Her har me nok vore litt delt, seier ordførarkandidat Silje Ingelin Sæterstøl.

Ho grunngjev ei oppgradering med at det er masse barn og unge som går og syklar langs vegen.

– Og når det er mørkt kjem dei utan refleks. Det kjem til å skje ei ulykke her, fryktar ho.

– Gangvegen bortanfor er det jo ingen som brukar, den er jo ein kjempeomveg, seier ho. Kristeleg folkeparti på si side er for å oppgradera vegen. Men den står ikkje langt oppe på prioriteringslista deira.

LES OGSÅ: Får Byrknes bada før 2019?

Nordhordlandspakken

– Særleg på ettermiddagstid går det ein del folk der, seier Marit Jøssang.

– Dette er ein veg som treng å verta rusta opp, seier ho.

– I løpet av dei fire neste åra?

– Det er ikkje snakk om å prioritera den før Fosse-Moldekleiv, seier ho.

Ho meiner òg at krysset på Holme og vegen frå Fløksand og utover må takast før vegen til Meland aktiv.

– Ting tek alltid tid, men det det kan vera ein får gjort noko med det, eller i alle fall kjem eit steg lenger, seier ho.

Meland AP vil bruka pengar frå Nordhordlandspakken til å rusta opp vegen.

– Me vil prøva å få den med under prosjektet nytt kryss på Frekhaug, seier Øyvind Oddekalv.

Han seier vegen er viktig for dei, men vil ikkje rangera den mot dei andre vegane i kommunen som og treng ei oppgradering.

LES OGSÅ: Her pakkar politikarane ned 60.000 valprogram

341 mot 345

Innbyggarane i Meland er nett like delt som politikarane. Av dei som har brukt avisa Nordhordland si velgarhjelp, er det 341 som meiner vegen må rustast opp og omtrent like mange som meiner det ikkje er vits, 345.

– Det er ikkje noko førsteprioritet, seier Jan Otto Natland, ein av mange vaksne i området ved Meland aktiv, ein måndagskveld i august. Ingvild Fauske er ikkje på linje med Natland.

– Det er ein utriveleg veg å køyra på, seier ho.

Ho meiner ungane burde fått ein skikkeleg veg. Det meiner og Ole Bjørn Monsen.

– Det er superviktig. Vegen er livsfarleg, og ungane går der heile hausten i svarte Kvernbit-klede, seier han.

LES OGSÅ:

Artikkeltags