– Eg gadd ikkje gå å stemma i år, innrømmer Matilde Jacobsen til avisa Nordhordland. Og ho er ikkje åleine. 4 av 10 nordmenn tok seg ikkje tid til å gå til stemmelokalet i år. I Nordhordland er ein litt flin- kare å stemma enn landssnittet, men deltakinga er låg.
– Eg har ingen god grunn, men eg er ikkje særleg politisk interessert, seier ho.
Jacobsen er 21 år, og årets val var det andre ho kunne stemme ved. Ved siste stortingsval gjekk ho til urnene.
LES OGSÅ: undefined
Vart dradd med
– Då var det ei venninne som drog meg med, seier ho.
– Er det vits å stemma?
– Det er jo det, men det er litt lett å ta lett på det og ikkje bruka tid på det, seier ho.
Ho seier at fleire av venninnene hennar droppa og å stemma i år.
– Eg trur vi har det for godt i Norge, skyt Morten Johan- nesen inn.
Han røysta heller ikkje ved årets val.
– Men det er for at eg jobbar offshore og måtte stå ei veka lenger på jobb, seier han.
Johannesen seier det òg er vanskeleg å finna eit parti ein skal stemma på.
– Då er det ofte lett å la vera, seier han.
På ein benk på Frekhaug treff vi Anette og Ketil Røen. Far Ketil har stemt ved kvart einaste val sidan 1972, medan Anette droppa å stemma ved årets val.
– I år stemde eg ikkje for eg har ikkje følgt med. Eg har hatt for masse å gjera på, seier ho.
LES OGSÅ: undefined
– Treng meir info
Ho meiner media og politikarar må gjera ein betre jobb for å informera folket.
– Det er berre dei siste dagane eg har fått noko info om kva partia står for og kva dei meiner. Valkampen burde ha vore lenger, meiner ho.
Pappa Ketil seier det handlar om å finna dei sakene ein brenn for og å støtta det partiet som har dei same synspunkta som ein sjølve har. Men han seier det ikkje alltid er lett.
– Det har vore litt rotete i forkant i år. Men summa summarum så vart det ikkje så store endringane frå førre val, då eg var og røysta, seier han.
LES OGSÅ: undefined
Inga god forklaring
Forskarane klarar ikkje å komma opp med ei god forklaring på kvifor så få røyster. Eit døme er i Knarvik krins. Der var det mindre enn 1000 av dei 2244 røysteføre som tok turen i stemmelokalet på valdagen. Førehandsrøystene kjem utanom. Liknande tal ser ein og i Alversund og Sagstad krins som er dei største krinsane i Lindås og Meland. Valdeltak-inga er normalt sett lågare i lokalval enn stortingsval, og den har gått jamt og trutt nedover i fleire tiår, med unntak av det spesielle valet i 2011, i etterkant av terroråtaka på Utøya og Oslo. Forskarane veit ikkje heilt kvifor det er slik.
– Det viser kanskje at folk ikkje har ein grunn til å delta i val, seier Julie Ane Ødegaard, som er stipendiat ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.
LES OGSÅ: undefined
Brukar Facebook
Ho seier at unge gjerne brukar andre kanalar for å påverka politiske prosessar enn å røysta ved val.
– Dei brukar demonstras- jonar, aksjonar og Facebook-kampanjar for å påverka, seier ho.
Ødegård seier at den typiske sofaveljaren har lågare utdanning enn dei som røyster.
Professor Kristin Strømsnes ved same institutt peikar og på at valdeltakinga går nedover i fleire land.
– Også partimedlemskapa gjer det. Folk deltek heller på andre måtar, seier ho.
Ho peikar på at det er eit val det å ikkje delta også.
– Det er ein del av demokratiet det også. Men det er ei grensa for kor låg deltakinga kan vera, seier ho.
LES OGSÅ: undefined