Det seier Olga Vik frå Frekhaug. Ho har ein son som er sterk pleietrengande, og som har fått merka konsekvensane av eit stramt kommunebudsjett på kroppen.

– Sånn som det har vore i sommar er totalt krise, fortel ho.

Sonen Ingvard har hjelp om morgonen til stell og mat, og vert køyrd til arbeidssenteret der han jobbar. Etter arbeidstid har han pleiarar hjå seg til kvelden.

LES OGSÅ: undefined

– For få ressursar

Men i sommarferien vert det eit hol midt på dagen der han ikkje har fast tilsyn.

– Når han har hatt ferie frå arbeidssenteret, då det har skorta veldig. Det er ikkje teke inn vikarar som skal ta seg av dei som treng tilsyn, det blir heilt feil etter mi meining, seier Vik, som seier problemstillinga er aktuell for mange i kommunen, ikkje berre sonen hennar.

– Problemet er at det er alt for få ressursar i pleie og omsorg. Dei har alt for lite folk, og alt for lite fagfolk med kompetanse. I sommar har det så og seia ikkje vore inne ferievikarar, fortel ho.

At personale treng opplæring og ikkje har all nødvendig kunnskap frå dag ein har ho full forståing for.

– Alle skal læra, det er ikkje det det handlar om, men litt kompetanse må ein ha. Ein kan ikkje ta ein skuleelev rett frå vidaregåande til å pleia hjelpelause folk, meiner ho.

LES OGSÅ: undefined

Spring seg ihjel

– Eg seier dette like mykje for å hjelpa dei som spring beina av seg som for pasientane sin del. Dei tilsette gjer så godt dei kan. Mitt inntrykk er at pleiarane må springa seg nesten ihjel, dei rekk ikkje over alt dei vil gjera. Dei har for lite folk, det er for få stillingar, seier ho.

Som ein konsekvens av dårleg økonomi vert gjerne tenestetilbodet kutta ned til eit minimum, der berre dei lovpålagde tenestene vert prioritert. Dette meiner Vik har gått ut over både helsa og livskvaliteten til sonen. Ho reagerer på at språket til Ingvard har vorte dårlegare, og han har vorte meir passiv.

– Ingvard var mykje aleine i sommar. Han kjem seg ikkje nokon stad, og vert liggande på sofaen. Han får ikkje tilskot til å reisa på ferie, kommunen har teke vekk alt som ikkje er lovpålagt, fortel ho.

Om han skal på tur må han ha to pleiarar med seg, alt det må han betala sjølv.

LES OGSÅ: undefined

Livskvalitet

– Slik har det vore generelt dei siste åra, det er for dårleg. Dei har tatt vekk absolutt alt, tilbod i ferie og fritid er heilt vekke. Dette gjeld samtlege som er i same situasjon. Dei som ikkje har økonomi til komma seg av garde vert sittande heime, seier ho.

– Dette går generelt utover livskvaliteten. Det vert opp til kva kapasitet dei pårørande har.

Olga Vik har ein heilt klar bestilling til det nye kommunestyret som skal styra Meland etter valet på mandag.

– Politikarane bør bevilga meir til dei som ikkje kan forsvara seg sjølv. Eg skal ikkje vera nøydd til å slåss kvar einaste dag for at han skal ha det bra, eg synest ikkje det er rett, seier Vik.

– Pleie og omsorg i kommunen er den saka som opptek meg mest, eg har rett og slett medlidenheit med dei som fer og spring i heimetenestene. Det har blitt mykje verre med Høgre og Frp ved roret, meiner ho..

LES OGSÅ: undefined