– Me har heile tida hatt kontakt med kommunar i Sveits og statistikarar. Og dei seier til oss no at me ikkje vil kunne få ei empirisk måling med 160 stemmer, seier Morten Klementsen i Bygdelista Folkeviljen (BF).

Han er vald inn som den einaste frå partiet til kommunestyret i Meland. Når dei markerte at dei stilte til val i Meland, var det det direkte demokratiet som var deira fanesak. I fleire fargerike plakatar laga av partiets einaste kommunestyrerepresentant sjølv, gjentek dei gong på gong at direkte demokrati og ærlegheit er det dei står for.

LES OGSÅ: undefined

Nektar for lureri

Men altså dagen etter valet går partileiar og grunnleggar Morten Klementsen ut på Facebook og informerer om at dei no går vekk frå direkte demokrati.

– Er dette å lura velgarane?

– Nei, det vil eg vera heilt ueinig i, seier Klementsen.

 

Han viser til at informasjon dei har fått, antyder at dei burde hatt minst 300 stemmer før dei kan gjennomføra direkte demokrati.

– Hadde det vore mogleg, hadde me gjennomført det. Men med 160 stemmer, når me ikkje opp empirisk. Om til dømes berre 30 stykk stemmer på ei sak, ville me ikkje vore sikra god demografi eller noko, seier han.

– Når de enda opp med så få velgarar, har de vore naive i denne saka?

– Ja, det har me nok vore, innrømmer han.

– Kven er desse ekspertane de har rådført dykk med?

– Dei vil helst ikkje ha namnet sitt framme, men me har hatt kontakt med folk som er dyktige, seier han.

– Er det ikkje litt spesielt at eit demokratisk vald parti held slike kjelder skjult for offentlegheita?

– Jo, det kan du seia. Men det er vel ikkje så demokratisk at avisa Nordhordland ikkje vil trykka ei sak med ein anonym person me kom med, som ville stå fram i ei sak om helsevesnet i Meland. Så eg har ikkje nokon betenkeligheiter med å ikkje seia det, seier Klementsen.

– Kvifor held de ting skjult?

– Kven eg har fått råd frå er det same. Regjeringa får råd kvar dag, og kven dei får råd frå får me ikkje vita, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Hadde håpa på fire personar inn

Klementsen skal no altså representera BF i kommunestyret dei neste fire åra. No er det det valgte styret i partiet som saman med Klementsen skal avgjera kva partiet meiner om dei ulike sakene.

Partiet hadde i utgangspunktet håpa på å få fire personar inn i kommunestyret.

– Men me hadde vore nøgd med tre stykk også, seier han.

For å fått det måtte dei ha tredobla talet på stemmer dei fekk under valet.

– Ser du fram til fire år i kommunestyret?

– Nja. Me kjem nok til å ha nokon venner der, men me er ikkje i politikken for å få venner, seier han.

 

Det var ingen av dei andre partia som tok kontakt med BF for å prøva å danna eit fleirtal i kommunestyret.

– Utfrå at me er eit lovleg vald parti, hadde me forventa at det vart tatt ein prat med oss. Men me tek det til etteretning, seier han.

Det er særleg tre saker han vil kjempa for dei komande fire åra.

Klementsen seier dei vil ha omkamp på bompengesaka, dei vil at Meland skal halda fram som eigen kommune og dei seier nei til privatisering av helsetenestene.

LES OGSÅ: undefined

– Lynraskt løftebrot

– Privatiseringa er me sikre på at ikkje vert gjennomført, sidan Arbeidarpartiet meiner det same, seier han.

Professor ved Universitetet i Bergen og valekspert Frank Aarebrot er ikkje imponert over den bråe endringa til BF.

– Det er eit lynraskt løftebrot, seier Aarebrot til avisa Nordhordland.

– Det er ein usedvanleg rask analyse dei har gjort på berre eit døgn, legg han til.

Han meiner det er å lura velgarane å gjera det på dette viset.

Aarebrot legg ikkje skjul på sin skepsis mot direkte demokrati i utgangspunktet.

– Kva er vitsen med å la seg velga om ein ikkje har ei meining om kva ein skal meina? Og så skal ein sitja det og plutseleg meina noko? Ein kunne blitt forarga, men folk vert meir full av forrakt, seier han.

LES OGSÅ: undefined

undefined