Det seier Aase Andersen (88), som har stor tru på mannen vert Meland sin nye ordførar, Øyvind Helland Oddekalv (Ap).
Aase har alltid stemt på Høgre, og sat i kommunestyret for vel 20 år sidan. Sjølv om ho også i år stemte Høgre, er ho glad for at arbeiderpartipolitikaren Oddekalv vert den nye ordføraren i Meland.
– Eg kjenner Øyvind frå humanetisk forbund, og veit vi får ein dyktig og fin person som ordførar i han, seier ho.
LES OGSÅ: undefined
– Usnobbete
Aase meiner person er viktigare enn parti når det kjem til kommuneval, og har ei klar meining om kva som er bra med Oddekalv.
– Det beste er at han er så herleg og usnobbete! Han er ein flott fyr, og sjølv om eg er høgreveljar, er eg ikkje i det heile uroa for korleis det skal gå med Meland framover; eg har stor tillit til Øyvind.
Aase er tydeleg godt tilfreds med valresultatet i Meland.
– Det er nok mykje godt som kan koma ut av ein skifte; kanskje vi kan få eit anna syn – og ei anna forståing av ting no, seier ho.
LES OGSÅ: undefined
– Sunt med skifte
Også Klara Mongstad er positiv til Oddekalv som ny ordførar.
– Han verker som ein sympatisk mann, som kjem til å klara seg godt. Eg synest det er vanskeleg å svara på om eg er fornøgd med valresultatet, men eg er uansett sikkert på at det berre er sunt med eit skifte.
Klara håper det no vert meir makt til politikarane.
– Så håper eg dei ser ting på ein ny måte, seier ho til Avisa Nordhordland.
Laila Ådnanes og dottera Anja Brendehaug er glad for at Astrid Aarhus Byrknes (KrF) får halda fram som ordførar i Lindås.
– Eg er glad ho fortset. Uavhengig av parti likar eg måten ho kommuniserer på. Ho byr på seg sjølv, og har gjort ein bra jobb som ordførar, seier Laila.
Dei to meiner at det verste som kunne skjedd for Lindås, var at KrF gjekk kraftig tilbake.
– Det er ikkje alltid politikk og program er det viktigaste i ein valkamp, eg trur personlegheita har vel så mykje å si, seier Anja, som har stor tru på at Aarhus Byrknes kjem til å styra Lindås på ei god måte også dei neste åra.
Dei trur ikkje kommunen får oppleva nokre store endringar dei neste fire åra.
– Astrid har no ikkje køyrt oss heil på ræv, så dette trur eg vert bra, ler Laila.
LES OGSÅ: undefined
– Ein god profil
Også Steinar Nordahl, som bur på Seim, er fornøgd med at Aarhus Byrknes held fram som ordførar.
– Ho er ein god profil for kommunen. Arbeidarpartiet og Senterpartiet i samarbeid med KrF synest eg høyrest veldig bra ut, saman dekker dei alle mine behov, seier Nordahl.
Sjølv har ikkje Nordahl stemt på KrF som parti, men er likevel positiv til fire nye år med ein KrF-politikar
– Eg trur personane er viktigast i eit kommuneval. Astrid har gjort ein god jobb, og det trur eg ho gjer i åra framover også – min mindre dei «stel» ho til Stortinget då, seier Nordahl.
LES OGSÅ: undefined