På gamleskulen på Flatøy sit Klara Hansen saman med Arnfinn Austegard, Anna Grete Mørk og Ine Fallebø Lingjerde. Dei tek imot og registrerer stemmene til alle i Flatøy-krinsen på valdagen.

– Vår oppgåve er å kryssa dei av i mantallista, sjå på legitimasjon, stempla og ikkje minst; vakta nøye ovet valurna, seier Austegard med eit smil, han har gjort denne jobben minst åtte gangar før, og har god erfaring.

– Det pleier å vera ganske roleg midt på dagen, medan på slutten vert det som regel eit lite rush, seier han.

LES OGSÅ: undefined

– Har vorte tradisjon

Kvart kommune- og fylkestingval og stortingsval gjennom 20 år har Klara stilt opp og vore med i røystestyre. Ho synest det er kjekt å kunne bidra.

– I tillegg til at eg føler eg gjer ein viktig jobb, er det også veldig koseleg å vera her i vallokalet. Her får ein treffa og prata med innbyggarane – noko eg synest er triveleg. Dette har vorte ein fin tradisjon, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

– Alltid spanande

Dei fire dugnadsåndane var på plass i lokalet på gamleskulen allereie kl. 10 på morgonen på valdagen. Frå 12.00 til 20.00 kan folk stemma.

–Det er alltid spanande å sjå korleis resultatet vert, og om det stemmer ut frå prognosane, seier Lingjerde.

– Ja, og så er det jo ganske spanande å sjå korleis det går på det partiet ein sjølv stemmer, seier Austegard.

Når alle har avlagt sin stemme, set dei fire seg ned og tel opp stemmene, og ringer deretter til Meland kommune med resultata frå Flatøy.

– Det vert litt konkurranse, vi prøver å vera dei første som ringer frå alle krinsane. Dei einaste som kanskje kan slå oss er Husebø-krinsen, ler Arnfinn.

LES OGSÅ: undefined

Høgtideleg

Det norske flagget er reist utanfor gamleskulen, og det er tydeleg at mange synest det er noko spesielt ved denne dagen.

– Alle som kjem er i godt humør, og nokon har faktisk pynta seg litt også, fortel Lingjerde.

– Det trur eg nok heng igjen frå gammal av – den eldre garde ser betydninga av å verna om demokratiet, seier Austegard.

LES OGSÅ: undefined