Ser at Høgre i Radøy er ute med eit forsøk på valflesk i Sæbø og Austmarka. Partiet vil regulera inn ein kjøreveg tvers gjennom turområdet. Dette er eit av to friområde som barnehagen og skulen kan nytta seg av i nærområdet. Barnehagen har hatt sin lavvo oppe i utmarka på Tjore og skulen har sine uteplassar i skogsområda her. Gang- og sykkelvegen er elles mykje brukt av born og unge til fritidsaktivitetar på skulen og på idrettsbana og av turgåarar og joggarar både frå Austmarka og frå Sæbøbygdene. Her kan born heilt ned i 2. og 3. klasse koma seg nokolunde trafikksikkert på sykkel frå Taule, Olsvoll, Sæbø, Storheim og Vetås til skulen og idrettsbana.

Dette har til denne tida vore eit fredeleg turområde og slik ynskjer dei fleste at det også skal vera i framtida. Eg har snakka med mange i Austmarka om dette, og utspelet frå Høgre vert møtt med hovudristing over at dei ynskjer å øydeleggja dette turområdet med biltrafikk. Dette vil også vera heilt feil måte å byggja dei to delane av Sæbø saman. Det gjer ein ikkje med biltrafikk, men med å engasjera seg i frivillig arbeid og delta på kvarandre sine tilskipingar anten desse føregår i Austmarka eller på Sæbø.

Me har nok vegar i Sæbø! Det er standarden på dei vegar me har som er problemet. Difor må kampen stå om å få opprusta og trafikksikra fylkesvegen om Sæbø og få bygt gang- og sykkelveg frå Sæbø skule til Kalneset.

Leif Taule

listekandidat Radøy SP