Radøy er i siget, og skal vidare! Kommunestyrevalet handlar om folk - om livet vårt, og den viktigaste oppgåva til kommunen er tenestene i kvardagen. Er desse gode så kjem også tilleggseffektane i form av auka tilflytting og næringsliv. Radøy er ein god kommune, sjølv om me har ting å arbeida vidare med.

Folketalet i Radøy veks i takt med prognosane. Ungdomsmiljøet vårt er framifrå,- det har også Regjeringa anerkjent. For 8 år sidan tok Senterpartiet initiativet til eit skuleutval som sette krav om det me veit verkar,- tidleg innsats. No ser me at me er på rett veg,- fråfallet i den vidaregåande skulen er lågare for Radøy sin del enn elles. Skulebygga våre er alle i framifrå stand, Bø barnehage får sitt nybygg, og no er det fullt fokus på innhaldet i skule og barnehage som gjeld!

Me har ei god helseteneste, men etterspørselen om styrkt dagtilbod og avlasting er stadig aukande, så her må me jobba vidare. I tillegg må me fokusera meir på tidleg innsats (bl.a. styrka skulehelsetenesta), helsefremjande tiltak generelt, og ha større fokus på psykisk helse.

Me jobbar tett med næringslivet, og me har dei siste åra hatt høgare sysselsetjingsauke enn i nabokommunane. Den siste tida har me fått ny butikk i Austmarka, dobla areal og nye bedrifter på Olsvollstranda, stor næringssatsing i Mangerøy, og snart godkjend plan for utviding av Bømarkane næringsområde. Senterpartiet skal ha auka bustadbyggjing i neste periode, både i regulerte område, og spreidd bustadbyggjing. Radøy har som ein av tre kommunar i fylket over 60% fiberdekning, og me skal ha meir. Me skal også halda fram med å styrkja vårt fantastiske frivillige kultur,- og idrettsmiljø.

Senterpartiet arbeider med å få til løysingar og å få ting gjort for Radøy, framfor å peika på alt som er mangelfullt og gale! Grunnsynet vårt er i tillegg at me vil vera ei positiv kraft i politikkutforminga. Økonomien i kommunen er trong, men me får likevel til mykje. Det skal me halda fram med!

Retninga for vidareutviklinga av Radøy vert avgjort av at du ved valet vel kommunestyremedlemmer som brettar opp armane,- har visjonar for folket, og kombinerer dette med realismen som alltid må vera der.

Me håpar du gjev Senterpartiet fornya tillit. Me lovar å stå på for kommunen med både hovud og hjarta!

Godt val, radværingar!

Helsing Jon Askeland,

ordførarkandidat for Radøy Senterparti