Den største vinnaren – til no

Øyvind Helland Oddekalv (i blå skjorte!) jublar over resultatet saman med partifellene. FOTO: MORTEN SÆLE

Øyvind Helland Oddekalv (i blå skjorte!) jublar over resultatet saman med partifellene. FOTO: MORTEN SÆLE

Artikkelen er over 3 år gammel

Øyvind Helland Oddekalv (Ap) er den største valvinnaren i Nordhordland. Spørsmålet er om han maktar å utnytta resultatet til å koma i posisjon.

DEL

KommentarDet gjenstår fortsatt ein del forhandlingsrundar på bakromma før vi har alle resultat og konsekvensar av valet i Nordhordland og Gulen, men dei største vinnarane er klare.

Ein vinnar det er umogleg å koma utanom er Øyvind Helland Oddekalv (Ap) i Meland. Mange trudde kanskje Nils Marton Aadland (H) sat trygt som ordførar, men det viste seg å ikkje vera tilfelle. Ap og Oddekalv gjekk fram med heile 7,2 prosent til 25,2 prosent. Dermed får dei sju mandat i kommunestyret og vert klart størst. Spørsmålet er om han maktar å utnytta resultatet til å overta ordførarkjedet. Det er enno ikkje avklara. 

Om det ikkje er ei bombe, så er det i hvert fall ei stor overrasking at Aadland må tola ein så kraftig tilbakegang som seks prosent. Med det blir han ein av valets to største taparar i Nordhordland.  

I Meland var det også knytt spenning til det nye partiet Bygdelista Folkeviljen, som har vore svært offansive i media gjennom heile valkampen. Partiet kom inn med ein representant og er i hvert fall ein liten vinnar i Meland-politikken. Politisk gjennomslagkraft blir det nok mindre av dei neste fire åra.

Lært av Søviknes?

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes visste vi var populær og valresultatet er umogeleg å mistolka.  

Tidleg på valkvelden uttalte ho til Avisa Nordhordland at ho ville vera fornøgd med ein oppslutnad på 25 prosent, noko som ville vore om lag to prosent mindre enn ho fekk ved førre val.

Astrid Aarhus Byrknes vart løfta på gullstol av partivenene i Krf etter nok eit brakval. FOTO: PRIVAT

Astrid Aarhus Byrknes vart løfta på gullstol av partivenene i Krf etter nok eit brakval. FOTO: PRIVAT

Norske poltikarar har vegra seg for å koma med slike uttalelsar sidan Thorbjørn Jaglands famøse 36,9. Det kunne fort blitt slik for Astrid Aarhus Byrknes også om veljarane hadde svikta, men det gjorde dei ikkje. Så definitivt ikkje!

Oppturen held nemleg fram for KrF-dama og partiet hennar bikka 28 prosent, 1,9 prosent opp frå 2011-resultatet. Årets resultat er tangering av tidenes beste KrF-resultat i Lindås, frå 1975. Det er sterkt i den største kommunen i Nordhordland med over 15 000 innbyggjarar. Kanskje har ho lært oppskrifta av Terje Søviknes i Os?

Før midnatt kunne Avisa Nordhordland avsløra at ho no inngår eit breidt samarbeid med Ap, Sp og Venstre. Høgre og May Eva Sandvik som har vore fast samarbeidspartnar dei siste fire åra er parkert på sidelinja. I politikken skiftar til og med KrF-arar partnarar.

Dermed går Aarhus Byrknes på sin tredje ordførarperiode. Ein slik standhaftighet er veldig sterkt med tanke på at ho var heilt fersk i politikken då ho kom inn for åtte år sida. Ho er folkeleg og samarbeidsorientert. Det er truleg hovudforklaringa på at ho sit i posisjon og ikkje opposisjon.

Ap-bastionen Austrheim

Stemninga er minst like god i Ap-leiren i Austrheim, der sitjande ordførar Per Lerøy gjorde eit brakval. Oppslutnaden er heile 43,5 prosent, langt større enn Aarhus Byrknes har i Lindås. Framgangen er også prosentvis større, men så skal vi vera klar over at kommunen er langt mindre.

Lerøy var fornuftig og lot jubelen liggja då dei første signala kom basert på førehandsrøystene, men seinare på kvelden var all tvil feid til sides. Det må kjennast ekstra godt for Austrheim-ordføraren, som har måtta tola krasse skuldingar i media om mobbing i opptakta til dette valet. Det kunne slått feil ut, men veljarane har i hvert fall ikkje tatt omsyn til dette når dei gjekk til urna.

At Ap står sterkt i Austreheim visste vi. I løpet av dei 20 siste åra har dei hatt ordføraren i 16 av dei. No nyt partiet ein oppslutnad det er bastion-nivå over. Ja, Austrheim er på høgde med velkjende industrisamfunn på Vestlandet som Årdal og Odda.

Populær Høgre-mann

I Masfjorden er det også ein klar vinnar. I eit valår der Høgre slit på alle frontar og taper så det syng nasjonalt, gjer Karstein Totland eit brakval og aukar oppslutnaden med 6,2 prosent. Det handlar ein del om politikken, men truleg vel så mykje om hans folkelege og godt likte stil. 

Masfjorden-ordførar Karstein Totland då han røysta mandag formiddag.

Masfjorden-ordførar Karstein Totland då han røysta mandag formiddag.

No går han laus på sin andre periode og kjem til å fronta Masfjordbrua som si store hjartesak, brua som bind saman dei to delane av kommunen. Kommunesamanslåing med næraste nabo Gulen blir også ei viktig sak framover i ein kommune som ikkje har dei heftigaste kampsakene internt.

Det har dei heller ikkje på Fedje, her vi finn den andre store taparen ved dette valet. Etter to periodar og åtte år er det over for og ut for Kristin Beate Handeland (Ap) som ordførar. Ein tilbakegang på 10,6 er eit kraftig signal frå Fedje-folket om at ein ønskjer skifte. Krf går mest fram, men det er Høgre og Stian Herøy som er største parti og som kan gjera krav på ordføraren. 

Herøy seier til Avisa Nordhordland at han trur resultatet er eit ønskje om meir gjennomslagskraft. I den grad Fedje har det, bør han bruka tida si svært godt. Med den Ap-vinden som bles over landet no, er det ikkje gitt at han kan nå opp til Erna på toppen av statsapparatet om to år.

Vi skal heller ikkje gløyma at Senterpartiets to ordførarar, Jon Askeland på Radøy og Hallvard S. Oppedal i Gulen, gjorde gode val. Askeland må riktig nok konstatera at partiet går noko tilbake, men med 34,5 prosent på «kontoen», har den tidlegare Felleskjøpet-direktøren nok å tære på utan at det er krise. Senterparti-folk plar vera gode til å tære på reservane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags