Eldreomsorga i Lindås, meir må gjerast.

Av
DEL

LesarbrevMykje er bra i eldreomsorga, og Lindås kommune får med rette skryt for satsinga si på omsorgsteknologi og førebyggjande arbeid. Likevel må me ikkje slå oss til ro med at alt er såre vel, for det er det ikkje. Lindås Venstre vil i komande periode særskilt arbeida for at eldre skal kjenne seg trygge på å få hjelp når dei treng det, aktivisering for fysisk og psykisk velvere og motverke einsemd.

Venstre vil retta ei varm takk til alle pårørande som tek hand om sine næraste, dag og natt, utan vesentlege bidrag frå det offentlege. Utan denne hjelpa ville dei fleste av desse hatt krav på omsorgsbustad/sjukeheimsplass. Tilbod kommunen elles måtte ha kjøpt, eller bygd ut kapasiteten for, med den følgje at andre tenester måtte ha blitt redusert. Venstre veit at me i framtida treng fleire omsorgsbustader/sjukeheimsplassar. Det vil Venstre medverke til.

Mange pårørande møter eit system kor deira næraste, som er pleietrengande og treng hjelp frå helsetenesta, må leggja seg tidleg på kvelden og stå opp når heimetenesta kjem. Venstre meiner me må sjå på organiseringa av heimetenesta slik at også dei som treng deira hjelp kan leva etter ein normal døgnrytme. Dei fleste tilsette opplever at dei spring fortare og fortare, utan at dei alltid får gjort arbeidet slik dei ønskjer. Trass i at mange gjer ein kjempeinnsats, så opplever likevel pårørande at deira kjære ikkje alltid blir teke hand om slik dei forventar, eller at samhandlinga med dei tilsette ikkje er i samsvar med måla til kommunen. Ofte gjeld dette manglande informasjon om endring av korleis ein har det, rutinar for medisiner, at håret ikkje er kjemma, at ein er tilgrisa og ikkje skikkeleg kledd, at ein blir sitjande aleine og andre forhold som påverkar livskvaliteten og opplevinga av verdigheit. Eller som opplever at personalet oftare enn naudsynt oppheld seg på vaktrommet i staden for å aktivisera dei som bur der.

Å gje aktivitetstilbod og motverka einsemd er ei stor utfordring for den offentlege helsetenesta. Venstre meiner me har mykje og læra av det no nedlagde Lindåstunet i høve dette. Tankesettet og verdiane som låg der trur me hadde vore særs verdfulle om dei vart overført til dei institusjonane og tenestene me har ansvar for.

Krava overfor kommunane aukar med samhandlingsreforma, og at me blir eldre med dei utfordringane det fører med seg, så må me sikra oss at me har rett kompetanse på rett plass, og til rett tid. Venstre vil at me aukar satsinga på lærlingar og rekruttering av fagfolk.

Krava vil særleg auka i høve dei ulike variantane av demens. I debatten 24.8 på biblioteket i Knarvik var det tankevekkjande å høyra innlegg frå pårørande om at ho opplevde at tilsette på sjukeheimen handsama pasientar med demens i strid med faglege råd. Det er alvorleg.

Tilbodet til demente er framleis for dårleg. Det er uheldig og uverdig når dei som er heilt klåre i hovudet, men pleietrengande, kjem på same rom som demente, må dela bad utan at reinhaldet skjer etter behov, ikkje kan stengja av «heimen» sin og kjenner at dei må opphalda seg på rommet for å ta vare på tinga sine.

Venstre meiner me må sikra oss at me følgjer nasjonale retningsliner for oppfølgjing av pasientar. Kvaliteten på eldreomsorga er eit eigaransvar. Det er politikarane i Lindås kommune som skal syta for at me har mål for kva kvalitet vi vil ha, tildele ressursane som skal til for å nå måla og følgja opp at leiarane leverer haldningar og innhald i tenestene i samsvar med våre politiske mål.

Me politikarar er folket sine ombod. Det er ei rolla eg og Venstre tek på det største alvor. Derfor har eg teke ansvar for og formidla ein del av innspel og ytringar me har fanga opp. Som gir eit meir nyansert bilete av kvaliteten på eldreomsorga vår enn kva ein får inntrykk av i kommunen sine årsmeldingar. Alle innspel og ytringar dannar til saman eit bilete som gir oss høve til å kjenna etter «kor skoen trykkjer», og er særs verdfulle bidrag når me skal forma våre mål for ei verdig eldreomsorg. Og ikkje minst sjekka ut om me når måla våre. For det har me politikarar alle til felles; me ønskjer at det tilbodet kommunen gjer skal medverke til at dei eldre får ein verdig alderdom og best muleg livskvalitet.



 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags