Nei til søndagsope

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

LEIAR: Som Avisa Nordhordland har skrive om før har det vore brei einigheit om å seia nei til søndagsopne butikkar i kommunestyra i Nordhordland. Framlegget frå regjeringa om å opna før søndagshandel har ikkje fått mykje støtte lokalt.

I dag kan du lesa i avisa at folket i Nordhordland seier eit massivt nei til søndagsopent, basert på tal frå velgarhjelpen på våre nettsider.

Eit av ankepunkta mot søndagsope er frykta for auka forbruk. Er det noko vi i Norge verkeleg ikkje treng så er det å auke forbruket vårt ytterlegare, snarare tvert i mot. Auka tilgjengelegheit fører til auka konsum.

Eit anna viktig moment er utfordringane søndagsopne butikkar kan føra til for det frivillige arbeidet som vert gjort rundt i bygdene. Dei siste vekene har vi hatt fleire store arrangement i distriktet vårt, som Utkant, Havsportveka og Fonnesdajen for å nemna nokre få. Det er nærliggande å tenka seg at det frivillige arbeidet vil merka store følger av søndagsopne butikkar, og ikkje minst i konkurransen om publikum.

Eit av alternativa i høyringa er at dette skal vera opp til den enkelte kommune å bestemma sjølv. Dette meiner vi ikkje er noko god løysing, søndagsope i nabokommunar til dei som eventuelt vel å halda på forbodet vil føra til stor handelslekkasje og tap for næringslivet.

Her bør regjeringa ta til vett, lytta til folkeviljen, og ikkje opna for søndagshandel i større grad enn vi alt har i dag. Vi treng ein dag i veka som er annleis enn dagar flest.

Her bør regjeringa ta til vett og lytta til folkeviljen

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags