Gå til sidens hovedinnhold

Får Byrknes bada før 2019?

Artikkelen er over 5 år gammel

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Kommune- og fylkestingvalet 14. september nærmar seg med stormskritt, noko vi merkar her i avishuset. «Vil ha»-utspela frå lokalpolitikarane haglar frå alle parti i heile distriktet, og det er ein tøff jobb å prioritera kva saker som fortener redaksjonell merksemd. Men slik skal det faktisk vera. Noko anna hadde vore kjedeleg både for dei som går til val og de som sit med makta.

Intensjonane i dei mange forslaga er dei færraste ueinige i. Realisme og midlar er det verre med. I valkamp er faktisk noko av det mest interessante kva politikarane vil velja vekk. For når kvardagen kjem, handlar lokalpolitikken som oftast om knallharde prioriteringar. Vi trur folk flest er oppegåande og avslører dei som kun har valflesk å tilby.

I Lindås var det partidebatt mandag kveld. Her har veljarane heile ni lister å ta stilling til i år. Aldri før har det vore så mange. Eit prov på at det norske lokaldemokratiet verkar, ja, men om det resulterer i særleg effektiv politikk er ei anna sak. Så skal det seiast at fleire av småpartia neppe vil få særleg stor innflyting.

Til tross for tidenes konkurranse skal ein ikkje sjå bort ifrå at Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes frå Krf kan smykka seg med ordførarkjedet i ein ny periode. Ein posisjon ho har hatt i åtte år. På ei fersk rangering over populariteten til alle landets ordførarar var Byrknes heilt oppe på 19. plass. Ho har også vikariert for Knut Arild Hareide på Stortinget. Kanskje ser vi henne snart meir i rikspolitikken?

Kven som får det gjevaste politiske vervet er avhengig av kven som finn saman når valresultatet er klart. Historien fortel at vi kan få både overraskande og høgt uventa fleirtalskonstellasjonar. Kampsaker betyr meir enn partifarge i lokalpolitikken.

Her i Nordhordland er kommunane prega av sunn fornuft. Ingen kommunar er på fylkesmanne si gjeldsliste (ROBEK). I Lindås er ein godt rigga til investeringar. På nemnde valmøte i Knarvik mandag kveld var leiarane frå alle ni partia samla til debatt på det lokale biblioteket. Planane og ønskene er mange. Vi kan nemna kulturhus, symjebasseng, skuleutbygging og demenssatsing for å ta det viktigaste. Mykje tyder på at planane om eit symjeanlegg, som har eksistert sidan 1970-talet, blir sett ut i livet i neste fireårsperiode. Byrknes og Krf vil ha både symjeanlegg og kulturhus, eit sokalla «kulturbad». Spørsmålet er om dei greier unngå mageplask i iveren etter begge delar.

Vi trur folk flest er oppegåande og avslører dei som kjem med valflesk.

Kommentarer til denne saken