Eldre har ulike behov

OMSORGSFULL: Mary Grace tek seg tid til å prata med bebuarane på Knarvik sjukeheim. – Det følest godt å gjera noko viktig, seier ho. Her i samtale med Andreas Lillebø.  FOTO: Irene bratteng jenssen

OMSORGSFULL: Mary Grace tek seg tid til å prata med bebuarane på Knarvik sjukeheim. – Det følest godt å gjera noko viktig, seier ho. Her i samtale med Andreas Lillebø. FOTO: Irene bratteng jenssen

Av
DEL

LesarbrevIngen skal engste seg for å bli gamal verken i Lindås eller i landet vårt.

KrF vil legge til rette for ein verdig alderdom der dei som har behov for ulik pleie og omsorg får tilbod om det. Eldre er forskjellige og har forskjellige behov. Eldre er ikkje ei einsarta gruppe. Difor er det viktig at vi klarer å gje eit tilbod som er tilpassa den enskilde eldre og deira livssituasjon og at pårørande er inkludert i dei avgjerd og vedtak som vert gjort for pleie og omsorgstenestene.

Dei eldre skal ha ein trygg heim, enten dei bur i eigen heim, i ulike former for omsorgsbustader eller på sjukeheim. Mange ønskjer å bu heime så lenge som mogleg, og det skal samfunnet legge til rette for. Samstundes vil dei sjukaste eldre ha behov for ein sjukeheimsplass.Rundt 80 prosent av dei som i dag bur på sjukeheim, lider av ein form for demens. Mange med diagnosen demens bur også heime. Det er svært viktig at desse tas godt vare på og får muligheten til å oppleve livskvalitet i kvardagen. Her har både kommune og stat eit ansvar.

Kommunane må få dei rammeoverføringane som til ei kvar tid trengs i eldreomsorgen. Ramma må difor styrkjast slik at den rekk både til pleiebehovet, sjukepleiefagleg medisinsk kompetanse, og like viktig er det at ramma er så stor at den rekk til å lage eit godt innhald i kvardagen som aktvitet og opplevingar av ulik art.

Framtidas løysingar ligg også i ny teknologi og nye måter å organisere helse- og omsorgstenestene på.

Omsorgssteknologi kan medvirke til at eldre kan bu heime lengre og gi auka sjølvstende og verdighet. Heime har ein sine kjente ting,og det gir tryggleik både for den som bur heime med omsorgsteknologi og den pårørende.

Eg møter stadig både brukarar og pårørende som er så takksame for at dei har fått bu lengre heime med bruk av teknologi. Teknologi som i form av ulike sensorer gir tryggleik for at når ulykke er ute, om ein dett på golvet, eller gløymer å slå av kokeplata, eller gløymer å ta medisinen sin, eller står opp på natta og får eit illebefinnende, så går alarmen og hjelpa er undervegs.

Om ein ikkje hadde hatt denne tekonlogien så kunne denne brukargruppa som kanskje er ustødige til beins, eller er utrygge på om hjelpa kjem, ikkje kunne bu heime.Situasjonne ville også vore meir krevjande for den pårørende.

Lindås kommune er i front i landet vårt når det kjem til omsorgsteknologi og kvardagsrehabilitering. Dette ynskjer vi å satse vidare på.KrF ynskjer a å sjå den einskilde sine behov, og ikkje generalisere eldreomsorgen ved at alle er like. Dei eldre er like forskjellige som andre aldersgrupper, og vi må hugse at mennesket er heile mennesker med både fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov. Avslutningvis så vil eg leggje til at den største utfordringa knytt til den framtidige omsorg er knapphet på helsepersonell.

Samarbeid mellom sjukehus, primærhelse, universitet/høgskular og forskningsinstitusjoner er sentralt for å lukkast i arbeidet. Ein høgare status for helsepersonell vil og bidra positivt, det same gjeld for løn til desse gruppene som yter og som har liv mellom hendene sine. Ein utviklande lønspolitikk vil vere eit godt verkemiddel for å heve statusen slik at fleire vel desse yrka, det same vil vere med å få flest mogleg heile stillingar. Så må den kommunale omsorgstenesta styrkast som utdanningsarena. Det kan t.d innføras obligatorisk praksis for medisinstudenter på sjukeheimane noko sentrale mynde kan innføra i kommunane.Kommunanes viktige bidrag til utdanninga av helsepersonell må finansierast med statlege midler tilsvarende den som går til spesialisthelsetenesta. Eg vil vere med å påverke, vere pådrivar og synleggjere desse behova frå kommunen til Stortinget.

Vi har gode tenester innan helse og omsorg i Lindås, og vi har gode og dedikerte medarbeidarar i heimetenesta, institusjon, bufelleskap og på dagsentra våre. Desse tenestene må vi ha fokus på å utvikle og gjere enda betre,og det som er viktig er å aldri gløyme kven vi er her for enten vi arbeider i kommunen eller er folkevald : vi er her for brukarane og innbyggjarane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags