Det seier Masfjorden-ordførar Karstein Totland (H) til avisa Nordhordland.

Han vart den store vinnaren etter måndagens kommuneval i Masfjorden der han stakk av med 38,2 prosent av stemmene. Med det var han ein av svært få Høgre-ordførarar som faktisk klarte å få framgang ved årets lokalval.

Høgre sikra seg sju mandat, og hadde berre behov for to til for å sikra seg reint fleirtal. Men i forhandlingane om makt dei påfølgande dagane, har absolutt alle partia som kom inn vore med og forhandla.

Resultatet er at Totland går laus på sin andre periode som ordførar, medan Torill Torsvik Størkersen (Ap) vert varaordførar.

Det er relativt uvanleg i Masfjorden, der det er lenge sidan Høgre og Ap har funne saman. Normalt sett har Høgre sett meir mot partiet Venstre.

Alle parti er sikra plass i formannskapet. Høgre får to av fem plassar, medan Framstegspartiet og Venstre får dei to varaplassane.

– Me har diskutert samla og tatt det demokratisk. Det er sortert etter storleik, og dei partia som ikkje fekk fast plass vert dermed vara, peikar han på.

Truleg for fyrste gong er det altså ei liste i Masfjorden. Sjølv om samarbeidet berre er valteknisk.

Høgre vart nesten dobbelt så store som det nest største partiet i kraftkommunen, Arbeidarpartiet, men Totland seier han har eit mål om at dei skal vera mest mogleg samkøyrde. Blant dei viktige sakene dei skal diskutera dei komande åra er som kjent kommunereformen.

– Det er greitt å byrja med ein roleg start og ikkje bruka rå makt, seier han.

I Masfjorden går dei to løp når det kjem til kommunesamanslåing. På den eine sida forhandlar dei med Gulen om ei samanslåing, men dei er og med i forhandlingane om ein storkommune.

Totland er veldig tydleg på at uansett utfall, så skal det vera ein samla kommune som står inne for vedtaket dei gjer. Difor gjennomfører dei spørjeundersøkingar blant folket.

– Eit splitta Masfjorden er utenkjeleg. Anten går me ein veg, elles så står me att åleina, seier han.

I tillegg til kommunesamanslåing er det å få Masfjordensambandet opp og gå, betre vegar på begge sider av Masfjordsambandet, nytt næringsbygg på Hosteland med helsetenester og ikkje minst ei tannlegestilling på fulltid dei viktigaste sakene dei komande åra.

– Og dei sakene er me heilt einige om, seier han.

Men særleg i tannlegesaka stiller han krav til sine nye samarbeidespartnarar.

– Det me forlangar no er at dei nye partia er like engasjerte inn mot sine parti som me i Høgre har vore og at dei brukar sine kanalar så me får dette på plass, seier han.