– Eg er strålande nøgd, eg kan ikkje seia noko anna, seier ein smørblid Masfjorden-ordførar Karstein Totland.
Etter at 45,4 prosent av stemmene er talt opp, har partiet hans sikra seg 38,1 prosent av stemmene. Det er ein framgang på 6,2 prosent.
Held dette resultatet seg vil Høgre få sju av dei 17 plassane i kommunestyret. No håpar Totland på ein plass til.
– Får me ein til får eg seia meg fornøgd. Me kan jo ikkje ha heile kommunestyret heller, seier han på fleip og ler.
Der i kommunen er forhandlingane om kven som skal styra kommunen alt i gang.
– Me vil ha ein brei allianse. Me treng samling no, seier han.