-Bygda kan ikkje venta lenger

NO GJELD DET: May Eva Sandvik, Høgre sin ordførarkandidat og Cato Lyngøy, leiar i Bygdelaget 5915 er samde om at storstova på Leiknes no må på plass. – Eit tydeleg ja må til for å få støtte frå folket i bygda, seier Lyngøy.

NO GJELD DET: May Eva Sandvik, Høgre sin ordførarkandidat og Cato Lyngøy, leiar i Bygdelaget 5915 er samde om at storstova på Leiknes no må på plass. – Eit tydeleg ja må til for å få støtte frå folket i bygda, seier Lyngøy.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

LINDÅS: Ramma på 28 millionar held likevel ikkje for storstova på Leiknes. No må ein ut med 38 575 000 kroner.

DEL

– Dette er den viktigaste saka ved årets val i Lindås. For å få stemmer her frå bygda må politikarane deklarera høgt og tydeleg at dei støttar oss, seier Cato Lyngøy, leiar i Bygdelaget 5915 som har samla inn halvannan million til storstova. I tillegg kjem tippemidlar på 4.4 millionar.

LES OGSÅ: Storstova på Leiknes sprekk med 10,5 millionar kroner

Måtte redusera

Lyngøy møter nh på skuleplassen på Leiknes i lag med sambygding og Høgre-topp May Eva Sandvik.

– Storstova sin historie starta i 2009, og då tok kommunen initiativ ovanfor bygda. Vi trong sårt eit nytt fleirbrukshus og vi stifta raskt Bygdelaget med dette som viktigaste sak, seier Lyngøy.

Bygget som skal romma gymsal og garderobar, amfi og sosialt rom, vart i førsteutkastet kostnadsrekna til 35 millionar i 2013, men då politikarane vedtok å løyva 28 millionar, vart omfanget redusert innanfor ramma ved å kutta i grunnflata og flytta garderobane til kjellaren. Men no viser altså ny kalkyle at prislappen vert på 38 575 000 kroner.

LES OGSÅ: – Endeleg i mål med storstova

Kunne blitt 45 mill.

– Prisauken skuldast i hovudsak prisstiging som utgjer ca. 6 millionar, og endringar i plan og bygningslova som gjer prosjekteringa dyrare, seier Lyngøy.

– Eg er glad vi ikkje sette i gang 35 millionars ramma. Då hadde vi enda på 45 millionar, seier Lyngøy som er glad for den breie politiske støtta storstova har fått. Han gjer det og klart at ein klar føresetnad for bygdelaget sin del på 1,5 mill. er at alternativ 2, med full utbygging, blir valt.

LES OGSÅ: Storstova på Hjelmås: Går for alternativ 2

Vedtak no

– Kommunen har ikkje hatt mange tilsvarande prosjekt å samanlikna med, og her er det eigentleg ikkje snakk om noko kostnadssprekk, seier May Eva Sandvik som har tru på framleis stor politisk semje om saka.

Ho meiner bygda har venta lenge nok på storstova, og at saka no må bankast gjennom i det sitjande kommunestyret.

– Det er på tide at vi kjem i gang slik at elevane får skikkeleg gymforhold og bygda får som fortent for dugnadsinnsatsen sin, seier Sandvik.

– Her er ungar i bygda som både har begynt og slutta på skulen utan gymsal, legg Lyngøy til.

Ferdig våren 2017

Får rådmannen støtte i si tilråding, vert endeleg ramme på dryge 38 millionar godkjent for alternativ 2 med full utbygging. Og det vert inngått kontrakt med J. H Nævdal yrkesbygg AS.

Formannskapet handsamar saka torsdag 3. september.

Artikkeltags