Konklusjonen i langfriminuttet på Knarvik ungdomsskule er at dei har det ganske greitt i skulen i Lindås. Dataparken er ganske god, skulebygget er relativt nytt og i god stand og idrettsfasilitetane dei har tilgang på er veldig gode.

LES OGSÅ: undefined

Ulike behov

– Men det kan alltids verta betre, seier Jeanette Amundsen.

Håpet hennar er mellom anna meir midlar til skulane, så klassane vert mindre.

– Det er elevar med ulike behov som eg gjerne skulle ha dekka, men som eg ikkje rekk over, seier ho.

Det er rektor Olaf Hella einig i.

– Ein draum er å ha mindre klassar. Og gjerne ha moglegheiter for å dela opp klassar for å gje tettare oppfølging til enkelte elevar, seier han.

– Det er ein draum, om den er realistisk er ei anna sak, innser han.

I snitt er gruppestorleiken i Lindås på 12,5 elevar på ungdomsskuletrinnet. Det er på nivå med landssnittet på 12,9. Meland og Radøy er dei som har det høgaste gruppesnittet på høvesvis 13,1 og 14,7 elevar. Når det kjem til netto driftsutgifter ligg Lindås i botnen i Nordhordland, faktisk er det berre Meland som bruker mindre pengar. Lindås brukar 14.824 kroner i snitt per elev mot 22.989 kroner på Fedje. Landssnittet er på 14.684.

Amundsen håpar at politikarane brukar meir pengar på barn og unge etter valet, og då særleg på fritidstilboda.

– Det engasjerer meg veldig, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

– Inkludera alle

Amundsen seier det er viktig at idrettsklubbane får nok pengar til å driva med meir enn fotball.

– Slik at dei inkluderer alle. Og at idrettsanlegga vert tatt vare på og gjerne rusta opp, seier ho.

Engasjementet på lærarrommet er stort, og det er masse dei vil politikarane skal bruka pengar på.

Hella vil at ein skal få fortgang i byggjinga av Nyborgtunnelen.

– Den er viktig så folk slepp å stå i kø til og frå jobb, seier han.

10–15 av hans tilsette pendlar frå Bergen til Knarvik for å jobba, så dei kjenner problemstillinga fort på kroppen.

Det som har vore årets store valkampsak i Nordhordland, kulturhus og symjebasseng, engasjerer og stort.

– Det å symja og verta glad i å vera i vatn er viktig for barn, seier Thomas Corneliussen.

Per i dag må elevane frå Knarvik ungdomsskule reisa til Alversund for å symja. Men det skjer ikkje for ofte. Elevane i 8. og 9. klasse har ikkje symjeundervisning, medan elevane i 10. klasse får fem-seks timar i året.

– Det å kunne symja har to aspekt. Det eine er tryggleiken. Skulle dei detta i vatnet, kan dei komma seg i land. Det andre er folkehelseperspektivet, peiker Hella på.

LES OGSÅ: undefined

Basseng og kulturhus

Alle lærarane som er samla er einige i at ein må byggja kulturhus og basseng samstundes.

– Når det fyrst skal byggjast, er det berre til å ta dei i lag, seier Amundsen.

– Eg flytta hit i 1988. Då var det snakk om kulturhus, så no er det på tide at politikarane tek tak i det, skyt Ingeborg Vitsø inn.

LES OGSÅ: undefined