Folk sto utanfor og trippa etter å få stemme då lokala opna på Seim skule mandag.

– Vi reknar med det blir aukande pågang utover dagen, men vi har godt med mannskap, så det skal gå bra, seier Erik Bertelsen i valkomiteen.

Pensjonistparet Laila Wiik Spurkeland og Normann Spurkeland frå Seimstrand var blant dei som var tidleg ute.

– Vi plar ofte gå til stemmeurna saman no sidan vi er pensjonistar, fortel dei.

LES OGSÅ: Gerd (80) var først ute i Meland.

Stemmer ulike parti

Overfor Avisa Nordhordland antydar paret at dei ikkje stemmer same parti.

– Vi er ikkje heilt samde om politikken, så det gjer vi mest sannsynleg ikkje, seier Normann.

Dei to røper ikkje ein gong for kvarandre kven dei stemmer for, men for Normann er det ikkje så lett å skjula parti-tilhøyrigheita.

– Eg har vore formann i eit politisk parti i Lindås, så folk ventar vel at eg skal stemma på det, smiler han.

I sitt aktive politiske liv representerte han Høgre.

– Eg har alltid vore trufast til partiet, røper han.

LES OGSÅ: Ho vil ha vatn i dei tomme bassenga.

Stemmer på person

Kona held derimot korta tett til brystet.

– Nei, valet er personleg. Men eg stemmer mykje ut i frå kva personane står for, fortel ho.

Det gjer til dels Normann også. Han fortel at han skal gje fleire personstemmer.

– Eg skal føra opp minst fem namn på lista, seier han.

– Har de nokon gong krangla om politikk?

– Hehe, vi har hatt voldsomme diskusjonar av og til, men aldri hatt konfliktar, understrekar den avgådde Høgre-leiaren.

Stemninga tyda ikkje på det mandag heller. Ekteparet gjekk smilande både inn og ut av vallokalet.

LES OGSÅ: Ta veljarhjelpa til Nordhordland her.