– Det er ei utfordring å vera ein litt radikal politisk utfordrar i ein kommune der det går relativt bra.

KLAR: Peder Jøsendal håpar at SV skal få inn ein ved årets val.

KLAR: Peder Jøsendal håpar at SV skal få inn ein ved årets val.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Det innrømmer SV sin ordførarkandidat i Lindås, Peder Jøsendal.

Han er den yngste av dei ni ordførarkandidatane i den største kommunen i distriktet.

LES OGSÅ: Solvår tok til tårene då ho snakka om det å slita psykisk framføre fleire hundre skuleelevar og politikarar

Ved førre val fekk SV 135 stemmer i Lindås og mangla med det i underkant av 30 stemmer på å komma inn i kommunestyret. No gjer dei eit nytt forsøk.

– No skal me verta tydlegare på at me er eit reelt alternativ til den kursen som vert køyrd i dag, seier den 24 år gamle jus-studenten frå Kvamsvågen.

Jøsendal er eldstemann i ein søskenflokk på seks.

– Me vil legga om kommunens arbeidsgjevarpolitikk og vil tilby faste, heile stillingar, seier han.

LES OGSÅ: Skuldar FpU for mobbing av motdebatantane: – Korleis skal de få mobbing bort frå skulen, når de sit her og driv på med det sjølv?

– SV er garantisten for gode offentlege tenester og gode vilkår for dei offentlege tilsette, lovar han. Vert det kommunesamanslåing, seier han at det må vera eit vilkår at ingen mister jobben. Personleg er han opptatt av kultur og dei unge.

– Eg veit kor tid det bør gå buss og båt. Eg veit at eit kulturhus må byggast og det må komma fort, seier han. Jøsendal seier han håpar SV klarar å få inn ein kandidat ved årets val.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken