Alidahir Mohamud frå Somalia og Ruta Sereke frå Eritrea kjem frå land med diktatur. Aldri før har dei opplevd å ha noko å si – at deira stemme er verdt noko.

– I Eritrea har ikkje folket noko dei skulle sagt, der har verken born eller vaksne rettar. Det følast godt å ha ytringsfridom, Norge er eit bra land. Eg synest det er fint at eg kan få lov til å vera med å styra landet, seier Ruta, som meiner det er viktig å ta i bruk stemmeretta si.

LES OGSÅ: undefined

Har sett partidebattar

Alidahir sat seg nøye inn i dei ulike partia og kva det står for. Han bestemte seg for kva han skulle stemma i god tid før valdagen – han førehandsstemt nemleg før helga.

– Eg har lest om dei ulike partia på internett og sett partidebattar på TV. Det er viktig at ein set seg inn i det, for det er jo dei vi innbyggarane som bestemmer korleis det vert i kommunen, seier somaliske Alidahir.

Også Ruta sat seg inn i dei ulike partia før valet.

– Eg stemmer Arbeidarpartiet fordi dei tenker på alle i samfunnet; barn, eldre og flyktningar. Dei er for likskap, og gjer ikkje forskjell på rik og fattig - det synest eg er veldig bra, seier ho.

LES OGSÅ: undefined

– Føler meg viktig

Som førstegongsveljar seier Alidahir at han følar seg verdsett.

– Eg føler meg viktig – like viktig som alle andre, om det kjennest utruleg bra, seier han.

– Det er vanskeleg å leva i eit land med diktatur. I Somalia er det nokon som bestemmer alt, medan dei andre i landet ikkje får seia noko, det er veldig synd.

Alidahir er overraska over kor enkelt det var å gje frå seg si stemme i Lindås kommune.

– Eg trudde det skulle vera vanskeleg, men det var veldig enkelt og fort gjort, seier han.

Alidahir er fast bestemt på at han skal stemma kvart år det er val.

– Det er kjempebra at eg sjølv han velja det eg meiner, det er eg ikkje vane med. Det er godt å leva i eit samfunn der alle kan meina det dei vil.

LES OGSÅ: undefined