Det er lite som er så lett i politikken som å verta einige om kven som skal samarbeida når ein er i sigersrus og ein augnar moglegheita for makt dei komande åra.
I Lindås gjekk det mindre enn fire timar frå vallokala stengte, til KrF, Ap, Sp og Venstre inngjekk eit samarbeid.
I Meland gjekk det litt lenger tid, men tysdag kveld vart det kjent at Ap og Høgre inngår samarbeid.
Men kor like er dei eigentleg politisk?
Basert på 30 spørsmål i vår velgarguiide, der det er partia sjølve som har kome med svara, har me her laga ein graf som viser kva parti som faktisk ligg kvarandre nærast i Lindås, Meland, Radøy og Gulen.