– No snakkar dei om å byggja symjehall i Knarvik. Eg meiner dei fyrst kan fylla vatn i dei bassenga dei har, seier Sætre, og refererer til bassenga på Ostereidet og i Alversund som tidvis har stått tørre.

Haldis har budd i Hillesvåg i ei årrekkje, og synest det er trist at politikarane har bygd om skulen, men ikkje bygd ny gymsal. No må elevane på Leknes til Knarvik og Nordhordlandshallen for å gymma om vinteren.

– Eg er skuffa over slik det har blitt, eg må seia det, seier Sætre etter at ho har vore inne og gitt si røyst. Ho har sjløv hatt born på skulen i si tid.

LES OGSÅ: Her kan du stemma i dag.

Kor politikarane bur tel

Haldis vil ikkje røpa kva parti ho som har fått hennar røyst ved kommunevalet, men ho røper at det går mykje på person for hennar del.

– Kor politikarane bur har og litt å sei, fortel ho.

Avisa Nordhordland kunne for eit par veker sidan avsløra at byggjinga av ei storstove på Leiknes vert dyrare enn kva politikarane hadde sett føre seg.

LES OGSÅ: Han står utan arbeid om han ikkje blir attvald.

Dei har bestemt at kommunen skal bruka 28 millionar kroner for å få på plass ei lenge etterlengta storstove i Hjelmåskrinsen, men det viser seg å ikkje vera mogleg.

Etter anbodsrunde har administrasjonen oppdaga at det vil kosta minst 38,575 millionar kroner å få bygd storstova. Det er ein prisauke på 40 prosent. Lenge før spaden er sett i jorda.

I tillegg har ein gløymt å auka storleiken på bygget frå 1400 til 1500 rutemeter, noko som og er med på å dra opp prisen på prosjektet.

LES OGSÅ: Gerd (80) var først ute i Meland.

Utan gymsal?

No har kommunen tre alternativ, meiner administrasjonen. Anten å vedta prosjektet med utvida ramme men utan utescene, lysanlegg og vindauge eller å vedta prosjektet med utvida ramme og inkludere alt.

LES OGSÅ: Ta veljarhjelpa til Nordhordland her.

Det mest dramatiske alternativet er å avlysa konkurransen og anten la skulen stå utan gymsal og auditorium eller å planlegga berre for gymsal.

Konsekvensen ved å ikkje byggja gymsal er at elevane ikkje får den undervisninga dei har rett på ifølge opplæringslova. Bygger dei berre ein gymsal mister dei auditoriet og lagerplass.

Skulen har i dag nådd kapasitetsgrensa for undervisingsareal og har derfor behov for eit auditorium, som vil avhjelpe på situasjonen. I tillegg vil bygda miste storstova som Bygdelaget har kjempa for.

– Eg håper dei som kjem til makta etter valet ryddar opp, seier Sætre.